Sogndal tapte mot botnlaget

Løv-Ham stod utan poeng før heimekampen mot Sogndal, men vann 3-1.

Rune Bolseth

Rune Bolseth skåra. Arkivfoto.

Foto: Sander Heggheim/NRK / NRK

Sogndal kom under alt etter ti minutts spel, og Løv-Ham dobla leiinga, slik at det stod 2-0 ved pause.

Bolseth tende håp

Rune Bolseth tente eit håp då han reduserte til 2-1, og Sogndal trykte kraftig på for å få ei utlikning.

Hellesund sette spikaren

Men i staden vart det heimelaget som scora då eks-sogndalspelar Kim Rune Hellesund sette inn 3-1 på straffespark.

- Dette var dårleg, det kan verke som vi tok for lett på det, vi var heile tid for seine inn i duellane, medan Løv-Ham gjekk til verks med 110 prosent innsats, seier assistenttrenar Ole Hjelmhaug.

Sjå kamputviklinga her: