Hopp til innhold

Sogndal tapte fortent

Sogndal tapte fortent 2-0 borte mot Aalesund sundag kveld.

Aalesund leikte seg til tider mot Sogndal. Sogningane skal vere glad det ikkje vart fleire mål i mot.

Tor Hogne Aarøy og Dedè skåra måla til Aalesund. Måla kom i løpet av to minutt tidleg i andre omgang.

Dermed står Sogndal med tre poeng etter tre kampar i 1. divisjon. Laget har tapt begge sine bortekampar så langt denne sesongen.