Luringen Stadheim møtte sin overmann på Fosshaugane i går. Ringreven og tidlegare landslagskeeper Frode Olsen har vore med så lenge at han visste kva Stadheim pønska på då Stadheim skulle ta straffe. Og han redda.
Bomma fleire gonger
Men Anders Stadheim var ikkje åleine om å vere syndebukk i går. Sogndal bomma på fleire opplagte målsjansar og sleppte i tillegg inn to nye mål på dødballar. Og akkurat dette har blitt Sogndal sin akilleshæl denne sesongen, for av 14 mål i mot har 10 av dei kome på nettopp dødballar. Stadheim meiner laget må ha fokus på desse problema frametter.
- Tilfeldig
Sogndal-trenar Jan Halvor Halvorsen er ikkje samd i at dødballar er blitt eit stort problem for laget. Han meiner det stort sett handlar om tilfeldigheiter.
Det var 2200 tilskodarar på Fosshaugane i går.