Hopp til innhold

Sogndal-tap i målfest

I ein underhaldande kamp var det gjestane frå Ålesund som stakk av med sigeren. Dermed enda Sogndal på 11.-plass i årets eliteserie.

Sogndal - AaFK

MÅLRIKT: Det enda 2-4 i kampen mellom Sogndal og AaFK.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Det var ein av få kampar utan betydning for medalje eller nedrykk, men både Sogndal og Aalesund spelte som om siger var det einaste som talde.

I haustkulda på Fosshaugane fekk publikum opp varmen gjennom ein sjeldan fartsfylt første omgang med heile fem scoringar:

  • 3. min. 1–0 ved Christophe Psyché
  • 12. min. 1–1 ved Mustafa Abdellaoue
  • 18. min. 2–1 ved Martin Ramsland
  • 23. min. 2–2 ved Aron Thrandarson
  • 34. min. 2–3 ved Edwin Gyasi

Til slutt enda det 2-4 på Fosshaugane etter et seint AaFK-mål.

– Det vart ein rotete kamp. Vi hadde ikkje strukturen i laget og Aalesund slapp for lett til. Det er veldig ulikt oss, så den får gå i gløymeboka, seier trenar Eirik Bakke.

Det var ikkje slik du ville avslutte sesongen?

– Nei. Eg hadde det litt på følelsen, at lufta har gått litt ut av oss. Eg trur vi har godt av ein pause der vi får senka skuldrane og evaluert sesongen, meiner han.

Koomson blei assistkonge

Sogndal - AaFK

PANGSTART: Sogndal tok leiinga tidleg mot Aalesund, men kampen enda 2–4 på Fosshaugane.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Sogndal fekk ein pangstart på kampen då Christophe Psyché styrte Ole Amund Sveen sitt innlegg i mål allereie etter tre minutt.

Gjestane frå Ålesund lét seg derimot ikkje skremme, og ni minutt seinare hamra laget sin toppscorar, Mustafa Abdellaoue, ballen i nærmaste hjørne frå skrått hald. Det var «Mos» sitt 13 mål denne sesongen – nest mest i Eliteserien.

Kampen bølga fram og tilbake dei første 45 minutta, der eit angrep den eine vegen, blei følgt aveitt angrep den andre vegen. Etter 18 minutt fossa Sogndal fram på kanten igjen, og denne gongen var det Gilbert Koomson som assisterte Martin Ramsland framfor AaFK-buret.

Det var ghanesaren sin tiend målgjevande pasning for sesongen, noko som gjer han til assistkongen i Eliteserien i år.

To skot i krysset

Den to siste scoringane i denne målrike omgangen, var to perler. Først var det islandske Aron Thrandarson som tok med seg ballen inn frå venstrekanten og limte ballen høgt oppe i lengste kryss.

Ving på motsett kant, Edwin Gyasi, ville ikkje vere noko dårlegare. Nederlendaren finta først Eirik Birkelund svimmel, før han banka ballen i motsett vinkel av lagkameraten. Mathias Dyngeland i Sogndal-målet varsjanselauss på begge dei to scoringane.

Andre omgang vart ikkje likeunderhaldandee for dei frammøtte påtribunena. Begge laga hadde sjansar, men kampen vart punktert då Taijo Teniste sette ballen i eige mål etter 76. minutt.

Laster innhold, vennligst vent..