Hopp til innhold

Sogndal tapte 2-0

Trenar Harald Aabrekk og spelarane er passeleg nøgde. Men spelarane er klar på at dei skal i eliteserien.

Sogndal - Mjøndalen 3-0

Det vart ikkje ein god søndag for spelarane i Sogndal. Men dei vil likevel kjempe for eliteserien og opprykk dit.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Vi kom aldri opp på vårt beste og det er sjøvsagt litt Løv- Ham si fortening. Og vi må ta sjølvkritikk, seier Sogndaltrenar Harald Aabrekk.

Les heile kampreferatet her

Kjedeleg førsteomgang

Harald Aabrekk

Harald Aabrekk var ikkje nøgd med innsatsen til spelarane søndag på Varden Amfi.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Sogndal møtte Løv-Ham på Varden Amfi i Bergen søndag.

Men det vart ein noko kjedeleg førsteomgang med få sjansar. Sogndal var best før pause, men dei fekk ikkje inn nokon mål.

- Det var ein dårleg kamp, seier Even Hovland om laget sin innsats.

Keeperen måtte ut

Piotr Leciejewski

Keeper Piotr Leciejewski

Foto: Rune Fossum / NRK

Etter 72 minutt kom det første målet levert av Arve Walde for Løv-Ham. To minutt etter får keeper Piotr Leciejewski raudt kort etter at han kom i konflikt med dommaren.

Dermed kom Joe Bendik inn som ny keeper, og Barry Kader vart bytta ut.

Og etter 85 minutt kom det andre målet for heimelaget. Fredrik Haugen scora på straffe.

Sogndal har 52 poeng på tabellen, og har framleis gode sjansar til å rykke opp til elitenivå. For onsdag møter laget Fredrikstad.

Held fokuset

Lars Grorud

Kaptein Lars Grorud

Foto: Rune Fossum / NRK

- Vi har fokus på det vi sjølve skal gjere og ikkje på alt anna. Alt snakket om at vi er klare for å rykke opp forstyrrer. Vi har eit fokus og det er å vinne neste kamp, seier Aabrekk.

- Kva tenkjer du om at Piotr Leciejewski er ute. Er Bendik ein god erstattar?

- Han er vel ikkje på same standarden som Piotr, men det skal gå bra, seier trenaren.

Skal i eliteserien

Even Hovland

Even Hovland

Foto: Rune Fossum / NRK

Også kaptein Lars Grorud på Sogndal var skuffa over laget sin innsats på Varden Amfi. Men han er sikker på at dei skal klare å rykke opp til eliteserien.

- Vi skal kome sterkare att, og vi skal sikre opprykket, seier Grorud som får nikk frå Henrik Furubotn.

Furubotn stiller seg også uforståande til at Leciejewski fekk straffe mot seg.

Han fortel at han var så nære situasjonen og såg kva som skjedde.

Keeperen rista dommaren

- Det såg rett og slett ut som om keeperen hadde ei redning. Eg forstår ikkje at dommaren kunne dømme straffe, seier han.

Men Leciejewski vart så sint at han rista dommaren. Og då er det klart at det ikkje er noko anna alternativ enn raudt kort.

- Ja, det er klart at han vart utvist då, seier Furubotn,