Hopp til innhold

Sogndal taper millionbeløp på nedrykket

Sogndal vil tape minst to millionar kroner på at dei no rykker ned i 1. divisjon. Nedrykket vart klart etter gårsdagens 0-2-tap mot Stabæk.

Sogndal

RYKKER NED: Sogndal må neste år ta den tunge turen ned i 1. divisjon.

Foto: Alf Vidar Snæland / NTB scanpix

Dagleg leiar i klubben, Egil Mundal, trur likevel at dei vil ha økonomisk slagkraft i den nye kvardagen

– Dette er ein situasjon vi har vore i kvar haust, så det ville vore svært dumt og ikkje ha gode scenario for begge utfall.

– No skal vi summere opp sesongen og evaluere og så skal vi om ei stund sjå moglegheiter igjen. Men no skal vi vere leie oss og frustrerte ein periode.

Reiste seg og gjekk

I går blei det klart at Sogndal må ta den tunge vegen ned i 1. divisjon. Sundag kjempa dei for livet i eliteserien, men sjølv om dei kjempa for kvar ball så heldt det ikkje.

For etter 86 minutt klarte Stabæk det Sogndal aldri klarte i kampen, nemleg å skåre mål. Først eitt, så to, og då reiste publikum seg og gjekk. Og i Haugesund gjorde Brann jobben, og dermed erkerivalane frå Bergen som får spele kvalifisering, og ikkje Sogndal.

Uferdig lag

– Eg tykker veldig synd i gutane, men med 24 poeng så rykker ein ned. Det er berre slik det er. Eg vel å sjå det som at vi har eit ungt og uferdig lag med eit veldig godt potensial.

Kunne ein ha tatt grep, sparka trenarar slik som andre lag gjere?

– Ein kunne heilt sikker ha gjort ting annleis når ein står med fasiten i handa. Men vi står samla når det går bra og vi står samla når det går dårleg. Alle har ytt 100 prosent, men 100 prosent var ikkje nok denne gongen.