Hopp til innhold

Studentar som Henning vert ikkje lenger forskjellsbehandla

SOGNDAL (NRK): Lærarstudentane i Bergen slapp gratis unna, medan medstudentane i Sogndal fekk svi på pungen når dei skulle bu vekke i praksis. No gjer høgskulen slutt på forskjellsbehandlinga.

Henning Halvorsen

SKUFFA: Henning Halvorsen (23) meiner Høgskulen på Vestlandet burde ha fiksa like ordningar for studentane før fusjonen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Sjølv om det var same studium på same høgskule, var det forskjellig praksis for korleis studentane måtte betale for ekstra buutgifter i praksisperiodane.

Det gjorde at Norsk studentunion frykta at studentane ville droppe ut på grunn av ulikskapen.

– Det kjennest urettferdig, sa Henning Halvorsen (23). Han studerer praktisk pedagogisk utdanning (PPU) i ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) si avdeling i Sogndal.

No har Høgskulen på Vestlandet fått fortgang i sakene. Dei har vedteke eit felles regelverk for korleis studentane får tilbake buutgifter etter praksis.

– Burde vore ei sjølvfølge

1. januar slo Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen Stord/Haugesund seg saman til Høgskulen på Vestlandet (HVL). Men trass i at det no er éin institusjon, hadde dei ulike retningslinjer for kva studentane i dei same studieretningane får støtte til.

Lærarstudentane med studiestad i Bergen ville få betalt tilbake ekstra buutgifter dei har i samband med praksis. I Sogndal ville dei tidlegare berre få dekka deler av beløpet dei må bruka på hybel i praksisperioden.

Henning Halvorsen

ORDNA SEG: Halvorsen ordna fekk ordna seg hybel i Florø, men må ut med 1500 kroner av eiga lomme.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er ei sjølvfølge at det burde vera like reglar på den same institusjonen. Det er ei stund sidan dei fusjonerte, og desse reglane burde vore ordna før samanslåinga, sa Halvorsen.

Halvorsen skal ha sine seks veker lærarpraksis i Florø, to og ein halv time i bil frå Sogndal. Han kjem til å sitta att med ei rekning på om lag 1500 kroner etter praksisen.

– Eg kom heldigvis greitt frå det, men det er ikkje alle som gjorde det, seier han.

«Heilt hol i hovudet»

I Høgskulelova står det at statlege universitet eller høgskular ikkje kan krevja betaling av studentar for ordinære utdanningar som fører til ein grad eller yrkesutdanning.

Håkon Randgaard Mikalsen

STUDENTLEIAR: Håkon Randgaard Mikalsen er leiar i Norsk Studentorganisasjon.

Foto: UIB

– Dette utfordrar heilt klart gratisprinsippet. Det er same institusjon og same studie, så det skal vera same tilbod. Noko anna her heilt hol i hovudet, sa Håkon Randgaard Mikalsen, leiar i Norsk Studentorganisasjon.

– HVL seier det tek tid å samordna alt i samband med ein fusjon. Har du forståing for det?

– Det er klart ein fusjon kan vera krevjande, men HVL har hatt god tid til å oppdaga og ordna opp i dette. Eg er heilt samd med studentane, seier han.

Høgskulen jobbar med saka

– Me er lei oss for at me ikkje klarte å laga felles retningslinjer for alt med ein gong. Men me ber om forståing for at det tek tid. Det er veldig mange små og store ting som må harmoniserast på tvers av dei fem campusane me har og dei tre høgskulane me hadde, seier Gunn Haraldseid, prodekan ved utdanningskvalitet i Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett ved HVL.