Hopp til innhold

Sogndal-stopparen er nominert til prestisjefull pris

U21-landslagsspelar Bjørn Inge Utvik er nominert til Statoil årets talent. – Han er eit av dei største stoppartalenta i Norge, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Bjørn Inge Utvik

NOMINERT: Bjørn Inge Utvik kan hamne i godt selskap. No er han nominert til årets talent i fotball.

Foto: Fredrik Ahlsen

Bjørn Inge Utvik vart plassert på benken til dagens oppgjer mot tabelljumbo Start, men eit aldri så lite plaster på såret er nominasjonen til årets talent.

– Statoil årets talent handlar om å løfte fram morgondagens fotballheltar, og gje dei ein ekstra motivasjon til å halde fram den gode utviklinga. Vi gratulerer Bjørn Inge Utvik som den første nominerte, seier Karen Onsager Keiserud, marknadsdirektør i Statoil.

Debut i 2013

Eirik Bakke og Bjørn Inge Utvik

TALENT: Eirik Bakke (t.v.) meiner Bjørn Inge Utvik er eit av dei største stoppartalenta i Norge. Biletet er frå treningsleiren i Spania i vinter.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Utvik debuterte i eliteserien for Sogndal i mai 2013. Sidan har 20-åringen frå Avaldsnes teke store steg. Den første av ni spelarar som blir nominerte til årets pris, har også etablert seg på U21-landslaget.

Sjølv seier midtstopparen at talentutvikling handlar om å investere nok tid.

– Det er kanskje lett å gløyme, men alle som blir stor har eit talent innanfor å orke å stå på og legge ned dei timane som det krevst for å bli god. Det er det eg ser mest på, seier Utvik.

– Lysande framtid

20-åringen er nominert av ein jury frå Norges fotballforbund. Juryen skildrar Utvik som ein sterk forsvarsspelar og leiartype som trass i sin unge alder har blitt ei viktig brikke for Sogndal. Dei trekkjer fram Utvik sin gode pasningsfot og store duellkraft.

Sogndal-trenar Eirik Bakke meiner rogalendingen fortener å bli nominert til prisen. Han meiner Utvik er eit av dei største stoppartalenta i Norge.

– Han er ein flott gut både og utanfor bana og har ei lysande framtid føre seg, seier Bakke.

Nominasjonen er viktigast

Sjølv om nominasjonen er kjekk, går verken Utvik eller Bakke av skaftet.

– Eg trur ikkje han er så oppteken av desse kåringane. Det er heller ikkje vi, seier han og meiner det blir for tilfeldig kven som sigrar til slutt.

– Er ein nominert frå Bergen, så røyster bergensarane og då har ikkje vi frå dei mindre stadane sjanse. At han er nominert er det viktigaste, held Bakke fram.

Får 50 000 kroner

Tre nominerte frå både herre- og kvinnefotballen går til kvar sin delfinale, og i kvar av desse går ein av dei nominerte vidare til finalen i haust. Det er det norske folk, gjennom TV2 sine nettsider, som røystar fram kven som blir finalistar og til slutt går til topps i kåringa.

Utvik konkurrerer mot Matias Rasmussen (Start) og Kristine Leine (Røa). Publikum kan røyste frå 22. mai til 29. mai.

Vinnaren av delfinalen får 50 000 kroner frå Statoil Morgendagens heltar som spelaren donerer til den eller dei klubbane som har betydd mest for eiga utvikling. Dei to andre kandidatane får 25 000 kroner til same føremål.