Hopp til innhold

Meiner seg snytt for straffe og raudt kort

Sogndal sikra seg eitt viktig poeng på Fosshaugane søndag kveld. Kampen enda til slutt 1–1. Men det var ein situasjon etter eit halvt minutt alle snakka om.

Sogndal-spelaran flokkar seg rundt dommar Per Ivar Staberg.

FLOKKA: Sogndal-spelarane flokka seg rundt dommar Per Ivar Staberg og krev raudt kort til Lars Sætra (t.h.) etter at han sendte Ricardo Silva i bakken på kring 20 meter.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

For kampen var berre halvminuttet gamal då Strømsgodset-forsvarar Lars Sætra, sendte ein Ricardo Santos i fullt driv mot mål, i bakken like utanfor 16-meteren.

Som sistemann blir ofte det premiert med raudt kort.

– Det var irriterande. Alle kjenner fotballreglane. Han er sistemann, lager frispark og då skal det vere raudt kort, seier Santos.

– Det var raudt kort

Ricardo Santos blir tiljubla.

JUBEL: Ricardo Santos sytte for eitt poeng for Sogndal.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Borte mot Start i fjor vart drammenslaget redusert til ti mann etter berre ni minuttar. Kampen enda 5-1 til sørlendingane.

Søndag kunne det skjedd igjen. På Fosshaugane vedgjekk Sætra at han var heldig som fekk spele ytterlegare 66,5 minutt, før han vart erstatta av Ola Kamara.

– Ja, det var eg. Enkelt og greitt. Eg trur nok det skulle vore raudt kort, vedgår han.

– Han går veldig lett i bakken, men eg dultar borti han, legg Sætra til.

(Artikkelen held fram under biletet)

Santos og Brockmann Christensen vil ha straffe.

STRAFFE: Ricardo Santos deler Tonny Brockmann Christensen sin appell for straffespark etter at Hamoud Mounir la dansken i bakken innanfor 16-meteren.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Venta på det raude kortet

Både Sogndal-trenar Jonas Olsson og gjestenes Ronny Deila er samde. Dommar Per Ivar Staberg konfererte med

– Soleklar utvisning. Det blir avgjerande å spele 89 minuttar med ein mann meir. Det er ein enorm skilnad, så eg er skuffa. Alle ser at det er utvisning, seier Olsson.

– Eg hadde ikkje klikka om vi fekk utvisning, svarer Deila.

Men etter å ha konferert seg med assistentdommaren, trekte dommar Per Ivar Staberg trekte det gule kortet opp. Til stor lette for ein Sætra som venta å sjå ein annan haustfarge på kortet.

– Eg var veldig letta. Det er kjedeleg å øydeleggje for laget etter eit halvt minutt, vedgår Sætra og vedgår at eit Godset-lag redusert til ti mann ville fått det langt tøffare mot eit nedrykkstrua Sogndal-lag på poengjakt.

Ropte på straffe

At det var Strømsgodset som var på medaljeplass, og heimelaget som var involvert i nedrykksstriden, var ikkje lett å sjå. Etter at Brann slo Molde 4-1, var det endåtil serieleiaren som var på besøk på Fosshaugane.

Muhamed Keita feirar 1-0-målet mot Sogndal.

JUBLAR: Muhamed Keita sytte for kampens første mål.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Begge lag viste tydeleg teikn til rusk i maskineriet. Sogndal likevel nummeret kvassare enn drammenslaget.

Heimelaget ropte på raudt kort etter eit halvt minutt, og følgde opp 27 minuttar seinare med rop om straffespark då Tonny Brockmann Christensen vart riven over ende innanfor 16-meteren.

– Det såg ut til å vere straffe, men vi er Sogndal og ligg i botnen. Vi har aldri fått ei straffe, berre straffer i mot oss, resignerer Olsson som likevel ikkje vil kritisere dei tre svartkledde som leia eliteserieoppgjeret.

Santos igjen

Då burde også Sogndal vore i føringa med eitt mål, men Santos breisida ballen høgt til side for mål då han etter fire minutt konverterte eit innlegg frå Malick Mane.

Azar Karadas

FØRSTE KAMP: Azar Karadas var med frå start i kampen mot Strømsgodset.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Etter å ha vore det førande laget mot eit upresist og tannlaust Strømsgodset-lag, gjekk Sogndal til pause med 0–0. Først med kvarteret att vakna gjestene og fekk 1–0 ved Muhamed Keita på eit langskot. I eitt minutt var drammensarane i himmelriket.

Ulrik Flo heada eit innlegg høgt opp på femmeterstreken. Santos tukta gjestenes Bismark Adjei Boateng i lufta og stanga sitt andre mål på like mange kampar.

– Det er klart at det er viktig med poeng når ein hamnar under med eit kvarter att. Så er det sterkt av spelarane å komme att og ta poeng. Vi er nøgde. Produserer nok til å kunne vinne kampen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lars Sætra og Henrik Furebotn

HELDIG: Lars Sætra vedgår han var heldig som ikkje måtte ta ein tidleg dusj på Fosshaugane.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Digg, men frustrerande

Etter at Fredrikstad slo Lillestrøm borte på laurdag, var det eitt poeng frå Sogndal og ned til laget frå plankebyen på nedrykksplass.

Santos meiner eitt poeng heime mot Strømsgodset ikkje er noko katastrofe, men seier berre tre poeng er godt nok i neste oppgjer borte mot Fredrikstad.

– Det er alltid digg å score mål, men det er likevel frustrerande. Vi spelar betre enn dei, skaper mykje sjansar. No er det berre å jobbe godt til veka og få tre poeng i neste bortekamp, avsluttar Santos.

Desse starta i dag:

SOGNDAL: Kenneth Udjus, Eirik Skaasheim, Hannu Patronen, Azar Karadas, Per Egil Flo, Tonny Brockmann Christensen, Stéphane Diarra Badji, Henrik Furebotn, Malick Mane, Ulrik Flo, Ricardo da Silva dos Santos.

Benken: Ahyee Aye Elvis, Ørjan Hopen, Gustav Valsvik, Stian Dyngeland, Stefan Aase, Peter Aase, Leif Lysne.

STRØMSGODSET: Lars Cramer, Hamoud Mounir, Jarl Andre Storbæk, Lars Sætra, Lars Christopher Vilsvik, Anders Konradsen, Stefan Johansen, Abdisalam Ibrahim, Øyvind Storflor, Adama Diomande, Muhamed Keita.

Benken: Thomas Borger, Krister Aunan, Ola Kamara, Martin Rønning Ovenstad, Bismark Adjei Boateng, Razak Nuhu, Ole Amund Sveen.