Hopp til innhold

Sogndal tapte kjærkomne bortepoeng i sluttminutta: – Vi taper på eigne feil

I bortekampen mot Aalesund tok Sogndal leiinga like før pause, og dobla leiinga eit kvarter før slutt. Då alt såg ut til å gå mot tre viktige poeng, glapp sigeren i sluttminutta og kampen enda 2-2

Otoo-mål mot Aalesund

1-0: Mahatma Otoo sett inn leiarmålet på slutten av første omgang.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Dette var frykteleg surt. Det følast så dumt, når du føler du har alt og så glepp det, seier assistenttrenaren til Sogndal, Tom Mangersnes.

Sogndal la seg tidleg lågt i starten og slapp ikkje Aalesund til dei store sjansane. Men bortelaget skapte også lite, heilt til eit frispark fann Otoo inne i feltet rundt fem minuttar før pause. Han styrte ballen i lengste hjørne og Sogndal tok leiinga.

– Vi veit at vi møter eit godt heimelag, og at dei ville gå i strupen oss. Det gjorde dei, men vi stod i mot med glans, seier Mangersnes.

– Vi burde punktert kampen.

Assistenttrenaren er også svært godt nøgd med store deler av andreomgangen.

– Vi slepp oss ikkje nedpå etter pause, men tvert i mot har vi god kontroll.

Kvarteret før slutt auka innbytar Tim Andre Nilsen leiinga til 2-0.

– Vi burde punktert kampen, spesielt på ein situasjon på 2-0 då vi vel avslutning i staden for pasning. Vi hadde dette i lomma, og så missa vi det på eigne feil, seier Mangersnes.

For Aalesund kom sterkt mot slutten, og reduserte ved Daniel Arnefjord fem minuttar før slutt.

– Når dei reduserer får dei ny energi. Då utlikninga til 2-2 kom like etter, kunne vi ha mista alt på slutten. Dei kunne fort tatt alle poenga, seier Mangersnes.

Det kjem til å verte ein «vestlandskrig»

Assistenten seier dei vil lære av dette på lang sikt, men at dei no ikkje har tid til å deppe lenge.

– Vi avgjorde på slutten førre helg, og i dag taper vi poeng på slutten. Slik er det av og til. No skal vi deppe i kveld, gjere unna 17. mai med pølser og is i morgon, og så skal vi ha fullt fokus på Brann.

For tysdag ventar eit av høgdepunkta i sesongen: Brann kjem på besøk til Fosshaugane.

– Søndag skal vi gjere ei grundig analyse og vurdering av Brann. Det vert ein svært tøff kamp. Når det er så kort tid mellom kampane vert det ikkje mykje tid til trening. Det kjem til å verte ein vestlandskrig.

No lovar han at Sogndal skal leggje det sure poengtapet mot Aalesund bak seg fort.

– Dette skal vere surt i kveld, vi gir vekk to poeng. Men så skal vi ha fullt trykk mot tysdagen, det kan vi love.