Hopp til innhold

Sogndal-spelaren gler seg til å bli Brann-spelar

– Det er rett tid for meg med ei forandring. Brann er ein stor klubb i Norge og er glad for å skrive under for dei.

Taijo Teniste og Rune Soltvedt

SIGNERTE: Taijo Teniste (t.h.) og Rune Soltvedt då estaren signerte kontrakten som gjer han til Brann-spelar neste sesong.

Foto: Brann.no

Det seier Sogndal sin estiske landslagsback Taijo Teniste. 29-åringen har sidan 2011 fått 165 cup- og seriekampar. Mål er det derimot ikkje blitt.

– Eg gler meg allereie til neste år og skal gjere mitt beste på kvar trening og i kvar kamp for å hjelpe laget. Eg håpar å vinne noko med Brann, seier Teniste til Brann sine nettsider.

Klar i førre veke

Taijo Teniste

KJENT STIL: Taijo Teniste har vore ein trufast tenar for Sogndal sidan 2011.

Foto: Rune Fossum / NRK

For to år sidan var det også uvisst om estaren ville halde fram i Sogndal. Då signerte han kontrakten som går ut etter årets sesongen. Nyleg hevda bergensavisene at Sogndal sin offensive back til neste år trekkjer Brann si raude drakt over hovudet.

No har 29-åringen teke bladet frå munnen. I førre veke gjennomførte han medisinsk sjekk og skreiv kontrakt ut 2020-sesongen med bergensklubben.

– Eg er profesjonell og skal gjere ein god innsats for Sogndal ut sesongen, seier han til nettsidene.

– Passar godt inn

Sportssjef Rune Soltvedt seier til nettsidene at Teniste og hans offensive og defensive kvalitetar vil passe godt inn i Brann.

– No får vi ein solid eliteseriespelar som spelar fast på eit internasjonalt nivå. I tillegg har han ekstremt gode haldningar. At han er riktig type betyr mykje, seier han.