Hopp til innhold

I dag vil dei feie all tvil til side

HØNEFOSS (NRK): Sogndal kan sikre opprykket mot Hønefoss, eller sleppe Kristiansund inn att i opprykkskampen. Og overlate tabelltoppen til erkerival Brann.

Rune Bolseth og Babacarr Sarr

MERKAR SPENNINGA: – Det har vore ekstra tenning i spelargruppa og det har smelt litt ekstra på treningane denne veka. Eg blir overraska om vi ikkje er «på» mot Hønefoss, seier Rune Bolseth (t.v.), her saman med midtbanekollega Babacar Sarr.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Vi kjenner at det er meir spenning no enn i dei første serierundane. Det byrjar å knipe seg til, seier tidlegare Hønefoss-spelar, og no Sogndal-kaptein, Rune Bolseth.

Topp mot botn

Mykje står på spel - og kan bli avgjort - når serieleiar Sogndal i dag møter eit botnlag som for få serierundar såg ut til å vere fortapte. Men som etter 9 poeng på fire siste kampar ser at 1. divisjonskontrakten kan bergast.

Laster innhold, vennligst vent..

Forspranget på 11 poeng som Sogndal hadde i sommar er blitt til eitt - med ein kamp mindre spelt enn tabelltoar Brann.

– Det blir absolutt ein tøff kamp. Det blir eit bikkjeslagsmål, seier Bolseth og legg til:

– Eg har stor tru på at vi reiser herifrå med tre poeng.

Første retur

Rune Bolseth

TRE ÅR: Over tre sesongar, frå 2010 til 2013, fekk Rune Bolseth (t.h.) 75 serie- og cupkampar for Hønefoss.

Foto: Lauten, Daniel Sannum / NTB scanpix

35-åringen spelar sin første kamp på AKA Arena sidan 2012. Sist Sogndal var på Ringerike, var glopparen skadd.

I dag kan han sende gamleklubben eitt steg nærare 2. divisjon - og Sogndal til Eliteserien.

– Det blir litt spesielt, men eg må vedgå det var meir spesielt då eg møtte Hønefoss på Fosshaugane første kampen etter at eg kom tilbake. Då var det same gjengen som eg spelte med. No er berre Kevin Beugre og Sigurd Svendsen att, seier han.

Sogndal-spelarane kjem til AKA Arena for dagens viktige kamp mot Hønefoss.

SJÅ VIDEO: Sogndal-spelarane kjem til AKA Arena på Hønefoss. (FOTO: ODDLEIF LØSET/NRK)

Må vere på vakt

Nemnde Beugre er ein Sogndal har merka seg. Det same gjeld Bobby Warshaw som kom til klubben i sommar. Sogndal har studert motstandaren:

– Hønefoss er rolege med ballen, men styrte tidvis borte mot Hødd. Det er sterkt gjort. Beugre er kvikk og farleg, og definitivt ein spelar vi må passe på. Det same gjeld Fitim Kastrati og Warshaw, seier Bolseth.

Kan sikre opprykket

– Vi må ha fokus på det vi sjølve skal gjere, for å ta poenga, legg 35-åringen raskt til.

– Vi må vere på hogg frå start. For å vinne kampar må ein vinne duellspelet og våge med ball. Då trur eg også at vi får sjå mål frå spissane våre, held Bolseth.

Med Sogndal-siger i Hønefoss og Kristiansund-tap er Sogndal definitivt klare for Eliteserien 2016. Om ikkje skal det uansett mykje til å ta målskilnaden til Sogndal.

LAGET: Mathias Dyngeland, Taijo Teniste, Hannu Patronen, Victor Grodås, Christphe Psyche, Rune Bolseth, Thomas Drage, Petter Strand, Babacar Sarr, Mahatma Otoo, Kristian Fardal Opseth.

BENKEN: Stefan Hagerup, Bjørn Inge Utvik, Peter Aase, Lars Christian Kjemhus, Eirik Skaasheim, Ruben Holsæter, Simen Brekkhus.

Laster innhold, vennligst vent..