Hopp til innhold

Måltørke i Sogndal

Sogndaltrenar Harald Aabrekk ser lyspunkt trass i berre 1-1 og uavgjort mot Nybergsund Trysil.

Harald Aabrekk

TANKEFULL: - Me har berre oss sjølve å takke, seier trenar Harald Aabrekk etter mange spolerte sjansar og berre eitt poeng mot 'Sundet'.

Foto: Simon Solheim / NRK

- Eg tykkjer spelarane verkeleg står på og vil mykje. Eg vel å fokusera på at me trass alt produserer mange sjansar og spelar god fotball i første omgang. Me dett nedpå då Nybergsund Trysil utlikna direkte etter vår scoring, så det må me heilt klart gjera betre, seier Aabrekk som no håpar Sogndal sankar flest muleg poeng fram til sommarpausen.

To i treverket

- Det er viktig å vera med når toget går i ein lang og slitsam haustsesong. Me har mange nye spelarar som treng litt fartstid før samhandlinga sit. Eg har god tru, påstår Aabrekk.

Etter ein førsteomgang der Sogndal spolerte fem store målsjansar og hadde ni hjørnespark, er det for dårleg å gå til kvilen med 0-0. Dessutan small ballen i treverket to gonger, først ved eit skot frå Tommy Øren og så i ein corner-duell ved Lars Grorud.

Kjennest som tap

Ole Jørgen Halvorsen sende Sogndal i leiinga då han kaldt og roleg utmanøvrerte N/T-forsvaret. Med sitt tredje mål er han toppscorar saman med Espen Olsen.

- Kjekt med scoringa, men me skulle sjølvsagt hatt minst to-tre mål til. Uavgjort følest som eit tap i dag, fastslår østfoldingen. Trenar Aabrekk nikkar samd til dette.

- Det er flatterande at Nybergsund Trysil kan reisa frå Fosshaugane med eitt poeng. Men me har berre oss sjølve å skulda på. Me skal scora nok til å vinna kampen basert på det som skjer før pause, seier sogndaltrenar Harald Aabrekk til NRK.

Straffebom

N/T sin sterk spiss, Kom Ojo kunne faktisk sikra gjestene alle tre poenga på Fosshaugane. Først utlikna han sogndalleiinga då Lars Grorud sov i timen. Før det dundra han straffesparket i tverrliggjaren.

- Eg er godt nøgd med våre første poeng i Sogndal på tre forsøk. Me sleit fælt i første omgang, men me har ein god keeper og god lagmoral. Det synte spelarane i andre omgang, og eg trur me har meir å gå på. Elles er det tydeleg at alle tek poeng frå alle i årets Adeccoliga. Så dette kan bli ein spennande sesong, meiner N/T-trenar Brenden.