Hopp til innhold

Sogndal slo Løv-Ham

Sogndal hadde full kontroll mot Løv-Ham i generalprøva til årets 1. divisjon.

Elvis skårar 2-0-målet mot Løv-Ham
Foto: Arve Uglum / NRK

- Det eg er mest nøgd med i dag er at vi klarer å kontrollere kampen. Det blir vi nøydde til å gjere heime på Fosshaugane, seier Sogndal-trenar Harald Aabrekk etter at laget hans hadde sendt Løv-Ham heim til Bergen med 2-0 i sekken.

Sogndal festa grepet frå start og skapte brukbart med sjansar i førsteomgang. Både Ulrik Flo og Espen Olsen hadde store sjansar, men publikum vart sittande på stolane sine heilt til like før pause, då ei brannøvig fekk dei på føtene.

Flo fekk hol på byllen

Etter at publikum vart evakuert ut på grasmatta under brannøvinga fekk spelarane bana for seg sjølv i 2. omgang, og det gjekk ikkje lenge før dei fann vegen til mål.

Ulrik Flo omsette eit innlegg frå Ole Jørgen Halvorsen i mål med hovudet, før Ahyee Aye Elvis skar inn frå sin høgreback-posisjon og plasserte ballen lekkert bak Løv-Ham-keeperen med eit fint langskot.

Hopen testa keeper

Etter det hadde Sogndal presset, men skapte ikkje store sjansar før ungguten Ørjan Hopen kom inn mot slutten. Han viste fram venstrefoten sin ved to høve. Først med eit hardt langskot som gjekk like utanfor krysset, så med eit velplassert frispark frå spiss vinkel.

Dette var den siste treningskampen til Sogndal før alvoret startar mot Ranheim 2. påskedag.