Hopp til innhold

– No blir bussturen heim veldig kjekk

Sogndal fekk sin første straffe sidan juli 2011. Den sette Malick Mane sikkert i mål, og dermed tok dei tre nye poeng i bortemøtet med FK Haugesund i dag.

Sogndal jublar

JUBLA FOR POENG: Azar Karadas (f.v.), Kristoffer Nesse Stephensen og Stian Dyngeland jubla for tre poeng mot FK Haugesund måndag.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

– No blir bussturen heim att til Sogn veldig kjekk, seier assistenttrenar Tom Mangersnes.

Mane er toppscorar

Tom Mangersnes

LUKKELEG: Assistenttrenar Tom Mangersnes.

Foto: Hanne Hagen Rotnes / NRK

Det var ein omdiskutert situasjon som fann stad etter 68 minutt. Haugesundspelaren Umaro Bangura held Malick Mane på streken av 16-meteren. Dommar Omar Rafiq dømmer straffespark til heimepublikummet si store fortviling.

Malick Mane tok sjølv straffa, og Sogndal sin toppscorar gjorde ingen feil frå 11-metersmerket og sette ballen sikkert i mål.

Dermed har Sogndal ti poeng på fem kampar, og har verkeleg funne forma.

Ti poeng på fem kampar

– Me jobbar systematisk kvar einaste veke i trenarteamet med å førebus oss på neste motstandar, vera nøye på kva val me gjer inn mot kampane og treningane. Men det er spelarane som er dei viktigaste, og dei har ein veldig vilje kvar einaste dag til å gjera ting so bra som mogleg, seier Mangersnes.

Malick Mane og David Myrestam

TOPPSCORAR: Malick Mane er Sogndal sin toppscorar med fem mål i eliteserien denne sesongen.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Årets sesong starta tungt, men no har kvittrøyene verkeleg funne godforma.

– I fjor hadde me ein veldig god start med tolv poeng på dei første seks kampane, men me hadde også tolv poeng etter ti kampar. No har med 15 poeng på elleve kampar. Og i fjor tok med eitt poeng i heile mai, no har me ti poeng i denne månaden, seier Mangersnes.

Han legg ikkje skjul på at det kjennest godt med tre nye poeng.

– Å toppa denne gode perioden med ein slik bortesiger er noko heile laget og heile bygda fortener, seier han.

– To tvilsame annulleringar

Det var Haugesund som styrte kampen og hadde dei største sjansane, men det var Sogndal som var nærmast i første omgang. Azar Karadas hadde ikkje marginane på si side, og skotet hans etter 31 minutt small i stolpen.

Slik var kampen minutt for minutt.

Både Sogndal og Haugesund fekk ballen i mål før Mane scora på straffa. Sogndal hadde ballen i mål etter 42 minutt, men domaren bles frispark til Haugesund, til store protestar frå sogndalsspelarane.

Like før målet til Sogndal vart Haugesund avblåst for ein tvilsam offside.

– Eg såg ikkje straffesituasjonen, so den ynskjer eg ikkje å uttala meg om. Når det gjeld dei andre situasjonane so er nok dei noko både me og Haugesund kjem til å studera i etterkant, seier Mangersnes.

Etter målet til Sogndal held heimelaget fram med å pressa Sogndal, og det var dei som fekk dei største sjansane, sjølv om bortelaget også hadde sine moglegheiter.

På overtid fekk FKH nok ein corner, og berre ein redning på streken av Gustav Valsvik hindra at heimelaget fekk ei velfortent utlikning.