Superinnbytaren snudde kampen for Sogndal

SOGNDAL 4 – 1 NOTODDEN (NRK): Den nye yndlingen på Fosshaugane, Alioune Badou Ndour, scora to og sørga for ny optimisme i Sogndal.

Alioune Badou Ndour

JUBLA TIL SLUTT: Alioune Badou Ndour jubla etter kampen. Først utlikna han, så sende han Sogndal i leiinga.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Sjølvsagt er eg ivrig på å starta kampane! Men det er opp til trenaren, eg må berre gjera jobben min og gi alt på trening. Men plasserer dei meg i startellevaren, så er eg klar.

Med dagens to scoringar har senegalesaren tre mål på tre kampar - som innbytar.

– Om han held fram å scora mål som innbytar, så kanskje me berre skal halda han på benken. Neidå, det er vanskeleg å halda han ute når han presterer slik som dette, seier sogndaltrenar Eirik Bakke.

Laster innhold, vennligst vent..

«Alle» kravde siger

Sogndal hadde presset på seg, og lenge såg det ut til at dei ikkje klarte å leva opp til heimepublikummet si krystallklare forventning om siger og tre poeng.

Sogningane hadde fleire enorme sjansar i første omgang der ballen burde ha enda i mål. I staden for var det Notodden som kunne gå til pause med 1–0 i sekken, etter at André Bakke scora for bortelaget etter berre 12 minutt.

Då halvtimen var passert, gjorde Sogndal-trenar Eirik Bakke eit spelarbyte. Joakim Soltvedt vart ofra for Alioune Badou Ndour. Det gjekk ei lita stund før 21-åringen kom ordentleg i gong, men så starta showet og Sogndal såg seg aldri tilbake.

Sogndal jublar. Ulrik Flo i midten

TRÅ START, MEN SÅ: Sogndal har hatt ein vanskeleg start på sesongen. Men mot Notodden snudde det, og dei gjekk av bana med ein solid 4–1-siger. Her gratulerer Ulrik Flo Sigurd haugen med den siste scoringa.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

X-faktor

Etter 51 minutt utlikna senegalesaren, og etter 62 minutt skaut han Sogndal opp i leiinga.

– Eg snudde meg og såg heile stadion klappa. Eg vart så glad, så glad, strålte angrepsspelaren i intervjusona etter kampen. Det var etter at han tok seg god tid til å takka tilskodarane etter kampslutt.

Alioune Badou Ndour

TAKKA TILSKODARANE: Badou Ndour tok seg god tid til tilskodarane etter kampslutt.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Mot Sandnes Ulf i første heimekamp kom han også inn som innbytar. Då redda han eitt poeng, og var berre nokre centimeter unna å heada inn vinnarmålet på overtid.

– Han er ein slik type som kan gjera det uventa. Me ser konturen av at han kan vera ein X-faktor som kan vippa kampane i vår favør, seier Eirik Bakke.

Haugen og Ramsland opna kontoen

Eirik Bakke (t.h.) og Rune Bolseth

NØGD MED ANDRE OMGANG: Sogndaltrenar Eirik Bakke var nøgd med det laget hans viste i andre omgang.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

I andre omgang var det klasseforskjell på dei to laga. Etter 77 minutt auka Martin Ramsland på til 3–1, før Sigurd Haugen fastsette sluttresultatet til 4–1.

Sigurd Haugen scorar mot Notodden

ÅRETS FØRSTE: Sigurd Haugen noterte seg for sitt første mål i årets sesong.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det var på tide å opna scoringskontoen. Litt misnøgd, for eg burde ha scora eit til. Det øydelegg dagen min litt. Men det er tre poeng som betyr noko.

– Er dette eit vendepunkt for dykk?

– Eg håpar det. Det handlar om å koma inn i ein god flyt og bygga sjølvtillit. Dette er noko av det beste me har gjort på mange veker.

Sogndal har fire poeng etter tre kampar i årets 1. divisjon.

Laster innhold, vennligst vent..