Hopp til innhold

Sogndal slepp eliteseriemotstand

To mål i første omgang, og eitt like før kampslutt, gav Sogndal ein grei 3-0 siger over Moss søndag.

Piotr Leciejewski og Jon Midttun Lie

Sigeren over Moss gjev Piotr Leciejewski, Jon Midttun Lie og resten av sogndalspelarane ein lettare veg til eliteserien om dei må ut i kvalifisering.

Foto: NRK

Sigeren betyr at Sogndal kan få ein lettare veg i ein eventuell kvalifisering om opprykket til eliteserien.

Dårlegast nummer fire

For dersom Sogndal snublar i kampen om direkte opprykk, vil dei no bli dårlegast nummer fire i 1. divisjon. Dermed blir det ikkje eliteseriemotstand i første runde av kvalifiseringsspelet.

Lag nummer fem på tabellen møter nemlig lag nummer 14 i eliteserien. Per no er det Sarpsborg 08 som har festa grepet om denne plassen, med Nybergsund Trysil på sjetteplass.

Vinnarane av dei to kampane møtes til slutt i ein "finale".

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER AVSTEMMINGA)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Senka sine eigne

Sogndal var utan toppscorar Tarjei Dale og kaptein Rune Bolseth i den viktige kampen på Melløs stadion søndag. Trenar Karl Oskar Emberland sette sin lit til innleigde Kenneth Kvalheim på topp, medan også Espen Olsen fekk sjansen frå start.

Og det var Kvalheim, som er på lån frå Moss, som sende Sogndal i føringa i det 19 minuttet etter innlegg frå Henrik Furebotn. Ti minutt seinare var nemnde Furebotn sist på eit innlegg frå Ole Jørgen Halvorsen - og dobla leiinga. På overtid sette Halvorsen inn si første scoring for Sogndal.

Nummer fire

Med Haugesund sin kalassiger over Notodden, og Kongsvinger sin siger over Sarpsborg 08 på laurdag, er det framleis jamt i kampen om dei to opprykksplassane.

Før Hønefoss har gjort unna sitt oppgjer mot botnlaget Skeid søndag, skil det eitt poeng frå Kongsvinger på 1. plass til Sogndal på 4. plass med 52 poeng. Sigrar Hønefoss vil dei gå til topps med 55 poeng.

Sogndal: Piotr Leciejewski, Lukaz Nadolski, Lars Grorud, Morten Christensen, Per Egil Flo, Daniel Marcin Lubieniecki, Ahyee Aye Elvis (Ulrik Flo), Henrik Furebotn (Jon Midttun Lie), Espen Olsen (Mats Solheim), Ole Jørgen Halvorsen, Kenneth Kvalheim.

Reservar: Tomasz Grabowski, Even Hovland, Ulrik Flo, Anders Stadheim, Jon Midttun Lie, Mats Solheim.