Hopp til innhold

Sogndal sleit seg til siger

Sogndal klarte å karre til seg cupsiger mot Asker på ei tung bane på Fosshaugane. Sundag ventar tøffare motstand.

Ole Jørgen Halvorsen

GLER SEG: Ole Jørgen Halvorsen gjorde ein svært god innsats for Sogndal i cupkampen mot Asker. No gler han seg masse til eliteserieduell mot Vålerenga til helga.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Då kjem Vålerenga til Sogndal, og då må laget henta fram langt meir krefter enn i cupkampen mot Asker, meiner Even Hovland og Ole Jørgen Halvorsen.

Måtte vidare

Dei to stod fram med høg innsats i cupkampen, og er overtydde om at Sogndal vil gjere det dei kan for å ta poeng mot Vålerenga søndag.

- Vi gjer ein bra innsats. Dette handla om å koma vidare i cupen, seier Ole Jørgen Halvorsen, som skåra Sogndal sitt første mål i kampen.

Mats Solheim sytte for 2-0 mot slutten av kampen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Cato Hansen i oppgjeret mot Asker.

KJEMPA HARDT: Cato Hansen sprang det han var god for i kampen mot Asker. Her i duell med Stian Rasch. Fleire Asker-spelarar stilte med heilskjegg, etter veddemål om ikkje å barbera seg før sigersrekka frå 1. divisjon tok slutt. No ventar barberhøvelen heime i Akershus.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Hakket betre

Østfoldingen Halvorsen stortrivst i Sogndal, og ser fram til å måla krefter mot nye lag. Både vidare i cupen og i eliteserien.

- I dag var bana så som så, og det var ein fare for at ein slapp seg for langt bakpå. Men eg føler at vi var hakket betre enn Asker heile vegen og syner at vi er eit eliteserielag, seier Halvorsen.

Klare for Enga

Kaptein Even Hovland var glad for at laget klarte å skåra to mål mot eit av dei beste laga frå 1. divisjon på ein heller dårleg dag. Han er klar på at skal dei klare å slå Vålerenga, må dei spela betre enn i dag.

- Søndag stiller vi med friske, utkvilte bein og vi skal kjempa hardt mot eit Oslolag som ikkje nett er formsterke for tida. Dette kan gå vegen, meiner Hovland.

Berre 420 tilskodarar fann vegen til Fosshaugane for å sjå cupoppgjeret mellom Sogndal og Asker.