Hopp til innhold

Sogndal sin nye gigant skal fylle skoa til Wæhler

SOGNDAL (NRK): Reiss Greenidge (21) har store sko å fylla i midtforsvaret til Sogndal. Med 198 cm på strømpelesten og 48 i skostørrelse, er det ikkje det fysiske som i så fall vil hindra han i å klara det.

Reiss Greenidge

SVÆRE SKO: 48 i sko og 198cm på strømpelesten: Reiss Greenidge er ingen småkar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg er jo nærare ballen enn dei fleste andre når den er i lufta. Då treng eg ikkje hoppa så høgt, seier Sogndal sin nyaste spelar med glimt i auget.

Terje Skjeldestad (og Tore André Flo på veggen)

– SJØLV FLOANE BLIR KORTE: Terje Skjeldestad, her framfor biletet av Tore André Flo utanfor garderoben til Sogndal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Med sine nesten to meter på strømpelesten, er han den desidert høgaste spelaren på Sogndal. Terje Skjeldestad, sogndalkeeper sidan midten av nittitalet og no assistenttrenar, slit med å koma på nokon som har vore høgare enn briten.

– Det må kanskje vera André Ulla, som var her i 1994. Eg trur til og med Floane blir små attmed Greenidge, seier Skjeldestad. André Ulla er 198cm, i fylgje Wikipedia.

Han utfyller oss på ein god måte

Det er høgst usikkert om Kjetil Wæhler blir verande ut sesongen, og Espen Næss Lund har reist tilbake til Kristiansund. Etter at dei signerte for Sogndal i vår, vart sesongen brått betre for sognelaget.

– Han har store sko å fylla, og han har store sko, så det må gå som hand i hanske, det! seier Skjeldestad.

– Men meir seriøst: han er ein robust spelar med veldig bra fart. I tillegg er han venstrefotar, som me manglar i laget. Han har dei tinga me har vore på jakt etter, seier Skjeldestad om kvifor dei signerte briten.

Sogndal framfor Viking

Reiss Greenidge

HØGT DER OPPE: Reiss Greenidge er ikkje vanskeleg å få auge på, der han ruvar godt over dei andre på laget.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

​21-åringen var fredag på sin andre trening med laget etter kontrakten vart signert tidlegare denne veka. I treningskampen mot Stabæk på søndag, fekk briten sine første minutt i sogndaldrakta i 5–0 tapet. Greenidge har signert kontrakt for dei neste to åra.

Han var på prøvespel for Start førre veke, og var nesten klar til å signera for Viking. Men då Sogndal kom på bana, valde han klubben innerst i Sognefjorden.

– Det var den beste moglegheita for meg. Laget er lenger opp på tabellen, det kjennast betre og eg fekk gode anbefalingar. Så eg tenkte «kvifor ikkje?», seier Greenidge. Han har ei fortid på ungdomslaga til West Bromwich Albion i England, og spelte sist for Ebbsfleet United.

– Sogndal er ein god klubb med gode fasilitetar og gode spelarar som likar å spela på den måten eg vil. Så det verkar bra så langt, seier han.

Langt frå London

Reiss Greenidge på sogndaltrening

FART OG FYSIKK: To av eigenskapane som blir trekt fram om briten.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Greenidge har funne seg godt til rette så langt, og håpar å finna ei leilegheit i løpet av nærmaste framtid. Men det er likevel ei omstilling å flytta frå millionbyen London til ei lita bygd på Vestlandet.

– Det er mange tre her. Eg har aldri sett så mange tre i mitt liv.