NRK Meny
Normal

Sogndal sikra seg U23-kaptein

Sportssjef Trond Fylling sikra i dag signaturen til senegalesiske Stéphane Diarra Badji (21).

Trond Fylling
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Signaturen gjer midtbanespelaren til sogndalspelar dei neste tre åra.

Badji kjem frå årets cupmeistrar i Senegal, Casa-Sport. I heimlandet er 21-åringen peika ut som ein av framtidas menn i senegalesisk fotball.

– Han er sterk, har god balanse, er rask og skyt godt. Vi har skrive under ei treårskontrakt, og eg håpar han er på plass i Sogndal i januar, seier Fylling til NRK.no.

«Heit» spelar

Stéphane Badji er kaptein på det senegalesiske U23-landslaget som akkurat no deltek i den afrikanske U23-meisterskapen. Fylling har sett han spele i to av kampane i turneringa der Senegal tapte 0-1 for Gabon i tysdagens semifinale.

Badji, som i fjor var invitert til prøvespel i den franske Ligue 1-klubben Stade Rennes, kan nyttast både som offensiv og deffensiv midtbanespelar.

– Eg har sett Badji også tidlegare, men har avventa litt. No er han så heit på overgangsmarknaden at vi måtte slå til. Fleire franske klubbar var interesserte, seier Fylling.

Samd om overgang

Fylling køyrde i går fleire mil for å treffe direktøren i klubben for å bli samde om innhaldet i overgangen.

Sportssjefen i Sogndal trur Badji er godt orientert om dei klimatiske tilhøva han kjem til i Norge. Han spelar på same landslag som Tromsø-spelaren Kara.

– Det som står att er arbeidsløyve og medisinsk test, seier Fylling.

Vegopning på Bergum i Førde kommune