Hopp til innhold

Forsvarsklippe forlengar med Sogndal

Midtstoppar Hannu Patronen har signert for eit nytt år for Sogndal.

Sogndal -Haugesund

HELD FRAM: Hannu Patronen held fram i Sogndal-trøya.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Finnen forlengjer med Sogndal ut neste sesong, melder Sogndal Fotball på sine nettsider.

Sidan han kom frå Helsingborg for to år sidan , har Hannu Patronen spelt 24 seriekampar og scora to mål.

– I de to åra han har vore her, so har han vore ei solid brikke på stopparplass i høve til hans gode personlegdom og sportslege kvalitetar, seier sportsleg leiar Håvard Flo til nettstaden.

Patronen sin opphavlege kontrakt går ut ved nyttår. Klubben har jobba iherdig med å få både finnen og Azar Karadas til å forlenge opphaldet i saftbygda .

– Eg trivast veldig godt i Sogndal, og samarbeid med dei andre stopparane i stallen har fungert bra, seier hovudpersonen sjølv og ser fram til ein ny sesong for dei kvite og svarte.

Flo er sjølvsagt svært nøgd med å sjå finnen gå på ein ny sesong med eliteseriefotball i Sogndal.

– Ut ifrå Hannu sine kvalitetar er vi sikre på at han vil utfylle dei andre stopparane som vi har i stallen med si erfaring og hurtigheit, avsluttar Flo.