Hopp til innhold

Sogndal kan puste letta ut etter å ha sikra eit poeng mot Odd - forsvarsrekkja overraska

Sogndal hadde som mål å sikre seg eit poeng mot Odd. Det klarte dei. I forsvar låg nemleg fem kjempar med fokus på å frustrere Odd ved å drepe tempoet i kampen.

Azar Karadas

KAN PUSTE LETTA UT: Sogndal kom til Skien for å ta med seg eit poeng heim. Azar Karadas utgjorde ei forsvarsrekkje av fem spelarar som frustrerte Odd.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Assistentrenar Tom Mangersnes seier det var eit utruleg viktig poeng å ta med seg.

– Vi kom til Skien med eit poeng og det poenget skulle vi ta med oss tilbake. Det var ekstremt viktig å få snudd den tapsrekka vi har hatt med fire strake tap. Vi held nullen og vi tar poeng borte. Det er rett veg for oss.

Mangersnes seier dei ser på det å ta poeng som ein siger. Laget kjempa hardt for kveldens mål om å ta poeng.

– Vi var gode på å forsvare oss. Vi klarte å drepe tempoet i kampen, og i det offensive spelet som Odd har vore gode på i dei siste kampane på heimebane, der dei kjem med mykje folk og har stor fart. Det klarte vi, seier Mangersnes.

Så målet var å dra ned tempoet?

– Målet var å lukke kampen, å syte for at det ikkje bølgja for mykje fram og tilbake. Det sleit vi heime mot Strømsgodset, der vi vart for opne. Då blir vi dratt langt frå kvarandre, og det blir vanskeleg å forsvare oss. Det er noko med å halde oss samla og syte for å vere med å påverke kvar motstandaren får angripe oss.

«Å blø for drakta»

Han håpar resultatet og innsatsen skal gje spelarane sjølvtillit. Mangersnes får ikkje rosa nok den innsatsen spelarane gjorde på bana, der han tyr til gamle klisjear for å få sagt det han meiner.

– Det er berre å berømme spelarane som legg ned i tallause meter på bana og mange duellar. Dei viste at den gamle klisjéen om å blø for drakta også gjeld i 2013 og då handlar det om å gjere alt for at Sogndal også spelar i tippeligaen neste år.

NRKs fotballekspert Karl Petter Løken seier poenget kan vise seg å bli utruleg viktig i kampen om å overleve i eliteserien.

– Kampen var ikkje underhaldande. Odd var nærmast sigeren. Men Sogndal kriga til seg eit kjempeviktig poeng og det skal dei vere fornøgde med. Før denne kampen hadde Sognal fire strake tap.

Solid forsvarsrekkje

I dagens kampoppstilling hadde Sogndal stilt opp ei overraskande forsvarsrekkje. Azar Karadas spelte på stopparplass saman med Gustav Valsvik og Hannu Patronen. Mahatma Otoo måtte slite innbytarbenken.

Etter kampslutt gjekk laget framfor fansen og takka for innsatsen medan dei feira resultatet.

Med eit poeng i dag ligg Sogndal fem poeng framfor Tromsø som er på kvalifiseringsplass i eliteserien.

Odd hadde fleire gode sjansar framfor sogndalmålet. Mellom anna var det ein kjempesjanse heilt mot slutten der Odd kunne ha skora. Men ballen gjekk like utanfor.

– Då var det nok ein del sogndalspelarar som kunne puste letta ut, seier Løken.

Bur seg på Vålrenga

Neste kamp er på heimebane. Motstandaren er Vålrenga. Ein klassikar begge laga vil vinne.

– Det er jo nesten ein cupfinale-kamp heime på Fosshaugane om to veker. Då er det opp til oss sjølv og dersom vi gjer tinga våre rett skal vi ha ein god sjanse til å klare dette, seier Mangersnes.

Han understrekar at innsatsen spelarane viste i dag må visast fram i neste kamp, der alle må jobbe for laget.

– Det skal vere verdt alt spelarane la ned av innsats og vilje i dagens kamp der dei verkeleg viste at Sogndal er mykje viktigare enn kvart enkelt individ. Den haldningen skal vi ha med oss vidare, at at kvart enkelt investerer i kollektivet og syter for at det blir ein kollektiv innsats. Då han vi hamle opp med kven som helst i tippeligaen - det har vi allereie vist.