Dermed sikra Sogndal seg sin andre strake siger. Gjestene frå Lillestrøm gjekk derimot på sitt andre strake tap.
Sogndal som låg på jumboplass før oppgjeret, klatra over streken til 14. plass etter sigeren over Lillestrøm.
- SJÅ BILETSERIE: Magisk minutt senka Lillestrøm –
Vi er best, og vinn fortent. Når vi skaper flest sjansar og flest nesten sjansar, då vinn du fortent, seier ein letta Ole Jørgen Halvorsen etter å ha scora sitt andre mål for sesongen.
– Må smelle til
Då stemninga gjekk i taket på Fosshaugane, etter Halvorsen sitt soloraid frå eigen banehalvdel, hadde Even Hovland allereie sendt Sogndal i føringa med 1–0.
Lillestrøm rakk å gå i angrep, men mista ballen. Ballen hamna i sarpingen sine bein. 23-åringen sette fart mot mål og sprang frå det som var av motspelarar. 20 meter frå mål klinka han til.
- LES OGSÅ: Skuffa toppscorar reiste frå Fosshaugane –
Eg høyrer det kom spelarar til og tenker eg må berre smelle til. Eg berre drog til og ballen fauk inn, seier han.
Retta opp straffemiss
Same Halvorsen avslutta dei første 45 minutta med å brenne straffe, noko han aldri tidlegare har gjort på mange forsøk som seniorspelar. Lillestrøms Stian Ringstad handsa innanfor 16 meteren, men keeper Stefan Logi Magnusson fekk slått ballen unna då sarpingen prøvde seg frå kritmerket.
(Artikkelen held fram under biletet)
Difor smakte 2-0-scoringa ekstra godt.
– Eg gjorde det eg plar gjere; vente på keeperen, men han kasta seg aldri. Dermed var planen å sette den i hjørnet, men så var eg redd for å skli. Eg burde sett den hardare. Det vart eigentleg ingenting av noko, seier midtbanespelaren om sin aller første straffemiss som seniorspelar.
Frykta for poenga
– Vi har ikkje vore altfor effektive i det siste, så tanken om poeng som glapp sneik seg inn, vedgår han.
- LES OGSÅ: Slik gjekk kampen minutt for minutt
På ei våt og tung grasmatte produserte begge lag sjansar som både kunne og burde gjeve utteljing før Sogndal si effektive avslutning på kampen.
- LES OGSÅ: Bakke skadd igjen
Eliteseriens toppscorar, Lillestrøms Anthony Ujah, måtte sjå heimelagets sisteskanse Kenneth Udjus ta seg av farlegheitene som trefte mellom stengene. Same Ujah måtte også sjå ei avslutning treffe aluminiumen.
– LSK var best
Tapet var tungt å svelgje for LSK-trenar Henning Berg.
- LES OGSÅ:
– Vi skapte dei klart største sjansane og hadde sjansane til både eitt og to mål før Sogndal scora. Normalt plar vi sette slike sjansar, og så er vi uheldige på corneren der Sogndal går opp til 1–0. Men slik er fotball, seier han.
– Surt tap
Lillestrøm hadde venta eit heilt anna utfall av oppgjeret på Fosshaugane.
– Vi vil vinne kvar kamp. No har vi tapt to på rad. Det er ikkje bra. Mot Molde tapte vi for eit betre lag, det gjer vi ikkje i dag. Difor er dette tapet surare, seier Berg.