Hopp til innhold

Sogndal seier nei til Ødegaard

Fotballspelaren Alexander Ødegaard er ikkje aktuell for Sogndal.

Alexander Ødegaard

NEI FRÅ SOGNDAL: Alexander Ødegaard har lyst å spele for Sogndal, men har ikkje fått tilbod om kontrakt.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Firda skriv i dag at Sogndal ikkje har kunna tilby førdianaren kontrakt. Han har trena med Sogndal dei siste vekene og har lyst å spele for klubben.

Ødegaard seier til avisa at det framleis er opning for å kome til Sogndal på eit seinare tidspunkt.

Sjølv om det ikkje blei nokon kontrakt denne gongen, står døra til Sogndal framleis på gløtt, seier han.

Har lyst å avslutte i Sogndal

Ambisjonen hans er å spele for ein eliteserieklubb, helst i Sogn og Fjordane eller ein annan stad på Vestlandet. Ødegaard hadde håpa å avslutta karrieren i Sogndal.

– Men eg har sjølvsagt full forståing for valet deira. No handlar det om å bli så god at eg blir attraktiv nok, seier han og legg til at det hadde vore kjekt å spele med Rune Bolseth igjen.

Bolseth er frå nyttår tilbake i Sogndal-stallen, etter nokre år i Hønefoss.

Tilbod om trening i Førde og Sogndal

Ødegaard fått lov å trene med Sogndal framover. Same tilbodet har han fått frå Førde.

– Det er ein god treningskultur i Førde, så eg kjem sikkert til å trene litt der. Det same gjer eg kanskje med Sogndal, seier Ødegaard.