Hopp til innhold

Sogndal seier ja til samanslåing – Balestrand seier nei

Torsdag var kommunesamanslåing oppe i kommunestyra både i Sogndal og Balestrand. Men medan Sogndal seier ja, seier Balestrand nei til å slå seg saman med nabokommunane.

Jarle Aarvoll og Harald Offerdal

USAMDE OM SAMANSLÅING: Ordførar i Sogndal Jarle Aarvoll (Ap) og ordførar i Balestrand, Harald Offerdal (Ap).

Foto: Montasje: Vidar Gudvangen/Noralf Pedersen / NRK

– Eit fleirtal på ni mot åtte røyster sa nei til samanslåing, og samstundes sa vi også nei til bruk av tvang, seier Harald Offerdal som er ordførar i Balestrand.

Før sommaren synte ei folkerøysting at innbyggarane i Balestrand var delte i synet på om kommunen burde slå seg saman med nabokommunane. 17. juni sa også kommunestyret at dei ikkje såg at det var grunnlag for å gå vidare med ei kommunesamanslåing.

Då fylkesmann Anne Karin Hamre i haust leverte si innstilling til kommunalministeren, var rådet at Sogndal, Leikanger og Balestrand bør slå seg saman.

– Det er eit delt kommunestyret som står bak avgjerda, og det speglar også haldninga til innbyggarane. Sjølv har eg vore positiv samanslåing, men held meg til det som fleirtalet har bestemt seier Offerdal.

Vil ha med Luster også

Medan fleirtalet i kommunestyret i Balestrand vender tommelen ned for samanslåing, er stemninga ei heilt anna i Sogndal. Der ynskjer dei også finne plass til Luster i ein framtidig storkommune.

– Fleirtalet støttar framlegget frå fylkesmannen om samanslåing av Balestrand, Leikanger og Sogndal, og vi ynskjer også å få med oss Luster. Det er ikkje ei samrøystes vedtak, men det er eit ganske tydleg fleirtal som står bak, seier ordførar Jarle Aarvoll.

Trur ikkje på tvang

Torsdag kunne Aftenposten fortelje at ifølge sentrale kjelder i regjering og departement kunne det verte aktuelt å bruke tvang for å slå saman mellom 15 og 20 kommunar. Av kommunane som vart nemnt der det var aktuelt å bruke tvang var Sogndal, Leikanger og Balestrand.

Ordføraren i Sogndal vil gjerne ha ei samanslåing, men trur ikkje det er fornuftig å bruke tvang for å få det til.

– Eg trur at skal du bygge noko nytt, men der ikkje alle ynskjer det, då får du ein krevjande situasjon, seier Aarvoll.

– Eg er samd med sogndalsordføraren når han seier at det ikkje kjem noko god ut av å bruke tvang, seier Offerdal.

– Men med tanke på at vedtaket i kommunestyret i Balestrand vart gjort med knappast mogleg fleirtal, og at også folket er delte, kan det gjere det lettare for kommunalministeren å eventuelt bruke tvang?

– Det har eg ikkje noko meining om. Eg held meg til det fleirtalet har sagt, og dei seier nei til fylkesmannen si tilråding. Eg reknar også med at kommunalministeren lyttar til dei råda som kjem frå Balestrand og Leikanger, seier Offerdal.