Hopp til innhold

Sogndal seglar i medvind

Etter 4–3 sigaren mot Molde sikra Sogndal seg sin åttande strake kamp utan tap. Sogndal-trenar Eirik Bakke nyt det så lenge han kan.

Eirik Bakke

OFFENSIV SPELESTIL: Eirik Bakke har fått ein meir offensiv spelestil inn i Sogndal. Det ber frukter i form av åtte strake kampar utan tap.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Dette er starten på noko, men vi må vere svolte mot det som kjem framover. No har vi fått ein god start på sesongen og det må vi bruke positivt, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Det var knytt stor spenning til om Sogndal ville vinne på heimebane mot Molde på laurdag. Stillinga enda 4–3 og sogningane kunne nok ein gong sleppe jubelen laus. Med det sikra laget seg sin åttande strake kamp utan tap.

– Eg har spurt andre om det har skjedd før, og det vel ikkje ofte det skjer i Tippeligaen. Når vi pratar om det, så kjem vel tapet, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Bakke tar Sogndal si lange rekke utan tap med knusande ro.

– Dette kjem av gode prestasjonar. Vi skal fortsette med vårt eige spel i botn. Motgongen vil nok komme, men vi får heller nyte det no så lenge det vare. Det er moro med ein god start på sesongen, men i morgon skal vi møte på trening og vere like svoltne.

Nye spelarar i sikte

Mykje av grunnen til Sogndal sin medvind den siste tida, meiner Bakke ligg i mentaliteten.

– Det er ein mentalitet som vi har tatt med oss frå i fjor under OBOS-ligaen. Spelarane har tilpassa seg Tippeligaen, vi er uredde og har eit kraftig vinnarinstinkt. Sjølv om vi slit i ein kamp, så kjempar vi oss tilbake. Vi vil vinne. Det gjennomsyrer alt vi gjer.

Sogndal ligg no på ein 9. plass med 21 poeng.

– Uansett kor vi ligg på tabellen må vi vere svolte inn mot neste kamp, seier Bakke.

Om nær ei veke opnar overgangsvindauget, og Sogndal kan sikre seg nye spelarar.

– Eg er veldig nøgd med den gjengen eg har. Det vil jo alltid vere ei jakt etter fleire, så eg håper det skal skje noko, seier Bakke.

Ramsland

MÅLRIK: Kampen mellom Sogndal og Molde på Fosshaugane var enda målrikt med 4–3.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Neste motstand er Vålerenga

På fredag spelar Sogndal bortekamp mot Vålerenga.

– Det blir ein viktig og ny kamp vekke mot Vålerenga. Det er eit lag som ligg under oss på tabellen, så det blir ein tøft mot eit lag i poengnød. Utover sesongen blir det nok ein del av desse kampane, seier Bakke.

Tippeligaen er halvvegs i sesongen og Sogndal seglar i medvind inn mot hausten med eit klart mål for auge.

– Målet er å vinne mest mogleg fotballkampar. Eit ganske enkelt mål, så får vi heller sjå kor mange poeng det blir, avsluttar Bakke.