Hopp til innhold

På dette området er Sogndal i elitedivisjonen

Sogndal klarte ikkje å rykke opp i eliteserien i år, men i dag vann dei likevel ein høgthengande pris.

Håvard Flo og Magnus Aasbrenn

GJEV PRIS: Her tar sportssjef Håvard Flo imot Nynorsk næringslivspris av mållagsleiar Magne Aasbrenn.

Foto: Lotte Olsen Jessa / NRK

Sogndal får nemleg Noregs Mållag sin næringslivspris, ein pris som tidlegare mellom anna er vunnen av Lerum og Fjord1.

Når Sogndal Fotball gjennomført brukar nynorsk, gir det eit signal til både norsk toppfotball og andre om at nynorsk er eit heilt kurant skriftspråk på alle arenaer i Noreg, sa leiar i Noregs Mållag Magne Aasbrenn då Nynorsk næringslivspris vart delt ut i dag.

Sportssjef i Sogndal Fotball Håvard Flo tok imot prisen i samband med ein treningskamp i Sarpsborg.

– Det er utruleg kjekt å bli sett på som ein klubb og ei bygd som set nynorsk høgt. I klubben er vi veldig opptekne av at det vi publiserar er på god nynorsk, så det betyr mykje for oss, seier Flo.

Stolte nynorskbrukarar

Nynorsk næringslivspris er ein pris Noregs Mållag deler ut kvart år. Prisen går til den verksemda som best har brukt nynorsk i drift og marknadsføring det siste året. Sogndal Fotball er den tiande i rekkja som får denne heideren.

– Vi legg vekt på å gi prisen til firma som i praksis utvidar området der folk flest i dette landet møter nynorsken. Sogndal Fotball er eit slikt firma – ein fotballklubb som er stolte nynorskbrukarar, seier Aasbrenn.

Mållagsleiaren meiner det er viktig for alle som brukar nynorsk i landet å sjå at nynorsk er eit språk som eksisterer og blir nytta utanfor skulen og akademia.

– Ein del av identiteten vår

Yngve Hallén i Sogndal Fotball synest det er kjempekjekt å få prisen – både for laget og dei rundt, som supporterane Saftkokarane som òg er medvitne språket.

– Å få denne prisen av Noregs Mållag er noko som gjer oss stolte. Språket vi brukar er ein viktig del av identiteten vår, og fotball handlar om identitet og kjensler.

Hallén fortel at klubben bevisst brukar nynorsk i kommunikasjonen.

– Det går mykje i dialekt òg, som i slagordet Stao no pao. Som eg har sagt til Noregs Mållag hender det vi trakkar feil, så denne prisen forpliktar litt for framtida.

Nynorsk er eit kult marknadsføringsspråk

Juryen for næringslivsprisen opplever at stadig fleire firma og bransjar brukar nynorsk. Tidlegare vinnarar av Nynorsk næringslivspris er mellom andre Kleven Maritime, Ægir Bryggeri, Dyrsku’n og Lerum.

– Her på Austlandet merkar vi at nynorsk er eit stilig og kult marknadsføringsspråk, fortel Aasbrenn i Mållaget.

Han viser til at trenden er spesielt tydeleg innan kortreist mat, men dei ser òg mykje nynorsk innan hotelldrift og til og med skipsbygging.

– Vi ser at nynorsk er blitt meir normalt i næringslivet, og det er det vi er ute etter.