NRK Meny
Normal

Sogndal rota vekk leiinga mot Stabæk

Det såg lyst ut då heimelaget gjekk opp til 1–0 i det 70. minutt, på Fosshaugane, men det heldt berre til 1–1 mot Stabæk på kvalifiseringsplass.

Sogndal-Stabæk 2016

GJENSYN: Stabæk har akkurat henta tilbake brasilianaren Alanzinho frå Tyrkisk fotball. Han storspelte for Stabæk i 2008, då klubben vann Eliteserien, og sette sitt preg på kampen på Fosshaugane.

Foto: Christian Blom

Sogndal spelte i dag sin tiande uavgjort-kamp i runde 22 av årets eliteserie, sjølv om dei leia 1–0 med under kvarteret igjen å spele. Det kunne minne om kampen mot Start sist helg, for ikkje lenge før slutt slapp dei inn eit mål som lett kunne ha vore hindra.

3 000 tilskodarar fekk sjå at Sogndal tok tak dei første ti minutta, og utover i første omgang var det heimelaget som skapte flest sjansar på Fosshaugane. Hadde dei vore hakket meir effektive, kunne dei ha leia 2–0 før kvilen.

Stabæk hadde likevel to brukbare sjansar i det siste kvarteret i første omgang, men det vart mållaust til pause.

Ramsland scorer 1-0

1-0: Her sklir Martin Ramsland inn 1–0 etter eit Koomson-innlegg frå høgrekanten på ei kontring.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Tre poeng – i åtte minutt

I andre omgang var det meir jamt og spelet bølga fram og tilbake, utan dei store sjansane. Men i det 70. speleminuttet sette Koomson fart på ei kontring på høgrekanten og fekk lagt presist inn til Martin Ramsland, som tuppa ballen i mål.

Men gleda vart kortvarig for Sogndal.

For berre åtte minutt seinare let eit ubesluttsomt Sogndal-forsvar ungguten Birger Meling, gå åleine mot Sogndal-målet. Frå langt hald fekk Meling fyrt av eit skot heilt ned i hjørnet, og då sto det 1–1.

– Det var deilig å sjå den gå inn, eg forstod ikkje heilt kva som skjedde. Eg drog av ein mann og såg ei opning, så då lét eg det berre stå til, seier Meling om utlikningsmålet.

Laster innhold, vennligst vent..

– Vi må vere meir kyniske

Kampen enda 1-1, og dei kvite og svarte frå Saftbygda gjekk i garderoben med ei kjensle av å ha rota bort tre poeng. Martin Ramsland klarer ikkje å gle seg over at han hamna på scoringslista i dag.

– Vi tar leiinga og føler vi har kontroll, men så slepp vi dei til altfor lett. Det er j****g skuffande å miste poeng nok ein gang, seier han.

Han meiner Sogndal slapp inn mål fordi dei var altfor snille.

– Meling får gå 30 meter, upressa. Då må vi vere kyniske og rive han ned, seier Ramsland.

Ingen er nøgde

Eirik Bakke er òg skuffa over resultatet, men prøvde så godt han kunne å ikkje henge med hovudet etter kampen.

– Eg tykkjer det er ein god kamp, vi kjem til mange sjansar, vi spring mykje, vi tør mykje. Vi kunne laga 2–0 og 3-0, men dei har ein god keeper. Eg er veldig skuffa over måten vi slepp inn målet på, og det er spelarane òg, seier Sogndal-trenaren.

Stabæk-spelar Muhamed Keita er derimot nøgd med at laget hans klarte å snu det. Men han kan ikkje gle seg over kampen under eitt, for han synest det vart tøft for Stabæk i første omgang.

– Sogndal er eit vanskeleg lag å spele mot. Spelestilen deira strekker ut laget vårt, så det var vanskeleg for oss å få til noko spel. Men i andre omgang skrudde vi opp tempoet og var meir presise, og då hang ikkje Sogndal med, seier Keita.

Sogndal har no sju poeng ned til kvalifiseringsplassen, med åtte kampar att å spele.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.