Hopp til innhold

Sogndal ribba i forsvaret

Sogndal har berre to speleklare forsvarar - pluss muligens ein landslagsback frå New Zealand.

Aaron Scott

Aaron Scott har fem landskampar for New Zealand og viser seg fram for Sogndal denne veka.

Foto: Arve Uglum / NRK

- Det kan bli ei utfordring, seier trenar Karl Oskar Emberland om jobben med å setja saman ein forsvarsfirar til den viktige kampen mot Haugesund tysdag.


Per i dag er berre midtstopparane Morten Christensen og Lars Grorud friskmelde. Jon Midttun Lie og Lukaz Nadolski er suspenderte, Even Hovland er ikkje tilbake etter beinbrotet sitt før tidlegast til seinhausten, medan Ahyee Aye Elvis og Per Egil Flo har vore skadde sidan før sommarferien og under nomale omstende ikkje ville blitt vurdert til ein startellevar.

- Vil helst vente

- Det kan hende vi får eit lys i tunnelen med dei to, men me får sjå fram mot tysdag. Ideelt sett ville eg venta lenger med å bruka dei att, seier Emberland.

Løysinga på krisa kan derimot kome utanfrå. Aaron Scott er 23 år, har spelt både OL og Confederations Cup for New Zealand, og har til saman fem landskampar.

Les meir om Aaron Scott i Wikipedia

Sleit mot Ronaldinho

Under OL i Beijing hadde høgrebacken ansvaret for Ronaldinho då New Zealand møtte Brasil.

- He, he. Det var vel han som markerte meg. Vi tapte 5-0, seier Scott.

Denne veka viser han seg fram på Sogndal-treningane.

- Det gjekk mykje fortare og det er mykje meir bevegelse utan ball her enn eg er vant med, seier ein andpusten Scott etter si andre treningsøkt med Sogndal.

Vil til Sogndal

Han legg ikkje skjul på at dersom Sogndal vil ha han er han klar.
- Fasilitetane her er dei beste eg har sett. Ikkje ein gong landslaget heime kan samanlikne seg med dette. Dersom Sogndal vil blir eg gjerne, seier han.


Scott sin fordel er at han er kontraktslaus og dermed kan bli klar på relativt kort varsel. Sogndal har sagt at dei skal hente ein forsvarsspelar i løpet av august, men Emberland er ikkje sikker på om Scott er rette mannen.

- Han har vist seg greitt fram, men vi vil sjå meir av han før vi bestemmer oss, seier Emberland.

Han har ytterlegare to namn på blokka som han gjerne vil sjå nærare på før han bestemmer seg.