Hopp til innhold

Sogndal tabelltoar etter 2-0 siger

Oppgjeret mellom bygd og by gjekk heilt klart i «bøndene» sin favør. Etter to tette mål i første omgang kan Sogndal reise heim med tre poeng.

Tonny Brochmann får skryt etter målet mot Vålerenga

SIGER: Desse gutane kunne juble etter at Tonny Brochmann sende Sogndal i leiinga 2–0 etter 25 minutt.

Foto: Varfjell, Fredrik / SCANPIX

I kvar einaste kamp til no har Sogndal klart å ta poeng, og kveldens kamp mot Vålerenga borte vart heller ikkje noko unntak. Etter at heimelaget fekk dominere dei første ti minutta, vart det gjestane frå saftbygda som slo hardt tilbake.

Etter berre 15 minutt viste Ørjan Hopen fram venstrefoten sin, då han la inn eit perfekt friskspark mot bakre stolpe. Her stod Gustav Valsvik klar, høgst av alle inne i feltet stussa han ballen rett i nettet – 1–0 til klubben frå saftbygda.

Til pause med 2–0

Og etter dette er det ingen tvil om kven som har tenkt å ta heim poenga. Sogndal held fram med å presse på og knappe ti minutt seinare gjer Henrik Furebotn forarbeidet, før det til slutt er Tonny Brochmann som får sett ballen i mål ved første stolpe.

Etter 25 minutt er det, kanskje noko overraskande, Sogndal som kan juble over 2–0 leiing.

Like før laga går til pause noterer Vålerenga seg med ein hårfin målsjanse. Men til alt hell frå sisteskansen til Sogndal, Kenneth Udjus, rydda opp til slutt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gustav Valsvik stussar Sogndal i leiinga mot Vålerenga

STUSSAR SOGNDAL I TET: Med hovudet set Gustav Valsvik inn 1-0 målet etter eit perfekt frispark frå Ørjan Hopen.

Foto: Varfjell, Fredrik / SCANPIX

Vålerenga klarte slå tilbake

Utover i andre omgang kjem heimelaget sterkare tilbake og noterer seg med fleire målsjansar, men ingen ballar går i nettet.

Keeper Kenneth Udjus gjer ein kjempejobb i Sogndalmålet, og skal ha litt av æra for at sognelaget ikkje må sjå Vålerenga redusere. Sjølv om «bygutane» gjer alt dei kan for å slå tilbake mot «bøndene» blir det til slutt Sogndal som kan reise heim med tre poeng.

Med det står Sogndal no med 9 poeng etter fem kampar, noko som er langt betre enn i fjorårssesongen. Etter like manga kampar spelt i fjor hadde Sogndal berre eitt poeng.

Før dei andre laga har fått spele kan laget frå saftbygda ei lita stund sole seg i glansen av å ligge på andreplass på tabellen. Det er kanskje spesielt kjekt med tanke på at dei før sesongstart vart dømt nord og ned av dei aller fleste.