NRK Meny
Normal

Sogndal rakna mot Odd, men berga eliteserieplassen

Sjølv om Sogndal ikkje klarte å halde unna for sluttspurten til Odd, kan dei likevel juble for eliteseriespel i 2017.

Odd - Sogndal. Jukka Raitala scorer for Sogndal

PERFEKT START: Jukka Raitala scora sitt første mål i Sogndal-drakta, berre fem minutt ut i kampen. Men det var ikkje godt nok mot sølvjagande Odd.

Foto: Teigen, Trond Reidar / NTB scanpix

Eirik Bakke og Sogndal har venta lenge på å sikre seg mot nedrykk, men sidan Bodø/Glimt tapte sin kamp i kveld, var det endeleg i boks for sogningane.

Men sin eigen kamp, kan ikkje Sogndal vere særleg nøgde med.

– Vi hadde eigentleg veldig god kontroll, men så kom Zekhnini inn for Odd og løfta både publikum og medspelarar. Så han gjorde den store forskjellen, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke, som ikkje tar tapet så tungt.

– Vi greidde å stilne Skagerrak Arena ganske lenge, men vi har ein del å gå på. Men vi nærmar oss lag som Odd, og det er godt å sjå, seier Bakke.

Laster innhold, vennligst vent..

Draumestart for Sogndal

Det såg lenge lovande ut for Sogndal etter at Raitala banka ballen i krysset, berre fem minutt inni kampen i Skien. Men i siste halvdel av andre omgang kollapsa Sogndal-forsvaret.

Tilskodarane hadde knapt sett seg på tribunane i Skien, då finske Jukka Raitala scora sitt første mål i Sogndal-drakta. Etter litt rot i Odd-forsvaret, snappa Raitala opp ballen seksten meter frå mål og sende ballen i næraste kryss.

Ein best tenkeleg start på kampen for eit Sogndal-lag, som denne sesongen har vist at dei meistrar å ligge kompakt og halde på ei leiing.

Etter det tidlege målet handla alt om Odd i angrep, men heimelaget klarte ikkje å komme til mange sjansar mot Sogndal, som låg lågt i forsvar. Sjølv om Sogndal hadde ballen lite etter målet, hadde dei likevel to sjansar i første omgang.

Odd - Sogndal Oddjubel

Sjølv om Odd hadde ballen klart mest heile kampen, fekk dei ikkje ballen i mål før midt i andre omgang. Men til slutt valsa dei over Sogndal.

Foto: Teigen, Trond Reidar / NTB scanpix

Tre kjappe for Odd

Midtvegs i andre omgang skrudde Odd opp tempoet og fekk fleire sjansar og dødballar på Sogndal sin banehalvdel. Og i det 67. minuttet av kampen klarte ikkje Sogndal-forsvaret å halde unna lenger, og Nordkvelle kunne stå åleine og sette inn 1-1 etter eit innlegg.

Få minutt etter fekk Sogndal ein kjempesjanse med Sveen åleine med keeper. Men Odd-målvakta redda meisterleg.

Og like etter kunne Odd juble i andre enden av bana då Stefan Mladenovic sette inn sitt første Odd-mål. Så rakna Sogndal og slapp inn 3-1, etter ein litt klønete retur frå målmann Dyngeland, som i det meste av kampen gjorde ein god jobb.

Eirik Bakke kan ikkje vere nøgd med kollapsen i andre omgang, men då laga under Sogndal på tabellen ikkje fekk resultata dei trengde, kan Sogndal likevel feire at det blir spel i Eliteserien i 2017.

Odd kunne juble for medalje i kveld, men treng at Brann taper poeng neste søndag, dersom dei skal klare sølv denne sesongen.

Med éin kamp att av sesongen, ligg Sogndal no på ein tiande plass. Men dersom dei vinn over formlaget Aalesund neste søndag, vil Sogndal klatre til niande plass.

Laster innhold, vennligst vent..