Hopp til innhold

Bakke: – Det vart forskjellen i kampen

FOSSHAUGANE (NRK): Sogndal hadde full kontroll på Brann, men då veteranen Kjetil Wæhler (41) måtte ut snudde kampen.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal-Brann.

SKADA: Kjetil Wæhler (41) måtte ut med skade i pausen. Etter kampen var veteranen skuffa over tapet.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Det vart forskjellen i kampen. Ingenting vondt om Espen Næss Lund, men han har vore lærar og spelt handball ein gang i veka dei siste sju månadane, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

For etter å ha tatt leiinga 2–0 mot Brann kvarteret ut i andre omgang, snudde dei raudkledde frå Bergen kampen den siste halvtimen og vann til slutt 3–2.

I første omgang hadde forsvarsrekkja med Ulrik Fredriksen (17), Per-Magnus Steiring (20) og Kjetil Wæhler (41) full kontroll og Brann skapte ingen sjansar. Så vart veteranen skada.

Hard landing

Med om lag ti minutt igjen av første omgang såg ein tydeleg at Wæhler halta rundt på bana.

Eirik Bakke

ENDRING: Då Kjetil Wæhler vart skada måtte Sogndal-trenar Eirik Bakke gjera endringa han meiner vart avgjerande for resultatet.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Eg landa dårleg etter ein duell og slo hofta, og då stivna eg og klarte ikkje å springa, seier Wæhler til NRK.

Han fekk behandling på sidelinja, knappe fem minutt før pause, men valde å spela dei siste minutta av den første omgangen. Etter pausen var han bytta ut og måtte sjå Brann snu kampen frå sidelinja.

– Eg veit at det vart avgjerande at han måtte ut. Vi skulle gjerne hatt han til å kjempe mot Azar Karadas på slutten der, seier Bakke.

For etter 58 minutt sette Brann innpå Azar Karadas og fekk sett press på Sogndal med fleire lange ballar opp i feltet.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal-Brann.

JUBEL: Fredrik Haugen jubla saman med Peter Orry Larsen og Daniel Braaten etter scoringa som avgjorde kampen.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Eg følte vi hadde god kontroll og så kom Azar inn og vann mange duellar. Vi fortente mykje meir enn det sluttresultatet viser, seier Wæhler til NRK.

For rett etter 2–0 scoringa til Sogndal reduserte Kristoffer Barmen for Brann. Åtte minutt før slutt heada innbytar Peter Orry Larsen inn utlikninga, før Fredrik Haugen vart matchvinnar med eit skot frå 20 meter, seks minutt før slutt.

– Aldri vore så forbanna

Etter kampen var det skuffa Sogndal-spelarar som måtte snakke med media etter kampen. Lars Christian Kjemhus var rasande.

Eliteserien fotball 2017, Molde - Sogndal.

RASANDE: Lars Christian Kjemhus klarte ikkje å legga skjul på kor skuffa han var, etter at Brann snudde kampen.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

– Vi har full kontroll i 80 minutt og så scorar dei på den jævla corneren. Eg har aldri vore så forbanna før. Det er eit av dei tyngste tapa eg har ... Det er heilt forbanna jævlig, seier Kjemhus til NRK etter kampslutt.

Mot slutten vart Sogndal pressa langt ned på eigen banehalvdel og Kjemhus meiner det vart avgjerande.

– Vi vart for slappe i presset for å unngå duellar i 16 meteren. Vi veit dei har mange «beist» som er gode i lufta. Haugen sitt skot er fint, men næraste mann står ti meter unna, rasar Kjemhus.

Tapet mot Brann var det første sidan 2002 på Fosshaugane. Det vart også første gang Eirik Bakke tapte ein seriekamp i mai månad som fotballtrenar.