Hopp til innhold

Sogndal proklamerer tippeligaspel

Sogndal skal spele tippeliga-fotball i 2008. Denne ambisiøse målsetjinga, som inneber opprykk neste år, offentleggjorde klubben i ei stillingsannonse der dei søker etter ny arrangementssjef.

Tippeligaspel og fleire på tribunane er målet til Sogdnal Fotball for 2008.
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Dette burde ikkje kome overraskande å nokon, meiner dagleg leiar Yngve Hallén i Sogndal Fotball.

 

- Har lege til grunn

- At Sogndal skal tilbake i Tippeligaen er noko som har lege til grunn både når vi har investert i spelarstall og bygd anlegg.

- Er det ikkje litt snodig at de tilkjennegir ein slik ambisjon i linje tre i ein stillingsannonse etter ny arrangementssjef?

- Det kan du sikkert seie, men vi har vel tilkjennegitt heile tida at vi skal oppatt i Tippeligaen, så det er vel ikkje noko framandt for folk rundt oss.

 

Annonsa der Sogndal Fotball kjem med ambisjonane sine
Foto: NRK

Tydelegare enn nokon gong

"Med tippeligafotball i 2008 har vi som målsetjing å ha 4500 tilskodarar i snitt på kampane våre, og denne skal du realisere saman med oss",  står det i stillingsannonsen.

Her er klubben langt tydelegare enn dei nokon gong har vore rundt ambisjonane sine. Tidlegare har det heitt seg at dei skal rykke opp når dei er gode nok til det - utan å seie når. Det gjeld forsåvidt enno, seier Hallén.

Strategidebatt i helga

- No skal styret ha ein strategidebatt i helga, så får vi avvente den, men det vil forundre meg om ikkje målet er klare opprykksambisjonar i løpet av dei to åra vi er inne i no.

- Det bør nesten vere det når de alt har sett inn annonse i avisa?

- Ja, det bør det, så vi får berre håpe styret fylgjer opp.

- Er dette ei utfordring til styret?

- Nei, det er det ikkje, vi har hatt ein tett dialog med styret i desse prosessane. Formuleringane er eit uttrykk for at vi vil ha søkarar med ambisjonar på vegner av Sogndal.