Søndag sat den 41 år gamle svenske fotballtrenaren Jonas Olsson saman med Sogndal-leiarane og såg Sogndal spele mot Fredrikstad.
Måndag trykte Sogn Avis bileta frå tribuna, og tysdag er Sogndal Fotball i ferd med å kalle inn til pressekonferanse.
– Temaet blir eventuelt ny trenar, ja, seier dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal.
- LES MEIR:
Kjem frå IFK Göteborg
Det har ei stund vore klart at Harald Aabrekk ikkje kjem til å halde fram med å trene Sogndal etter denne sesongen.
Ei rekke namn har vore kobla til jobben, men brikkene fall på plass då den avtroppande IFK Göteborg-trenaren tok plass i lag med styreleiar Tor Arne Ness og sportsleg leiar Trond Fylling på tribuna søndag.
På plass i dag
Utan å stadfeste direkte at det er Olsson som skal presenterast ettermiddag, avviser Mundal at offentleggjeringa av namnet har framskunda presentasjonen av trenaren – som uansett ikkje skal ta fatt på jobben før over nyttår.
Det er venta at Jonas Olsson sjølv er tilstades under pressekonferansen.