NRK Meny
Normal

Dette såg ikkje godt ut, Bolli!

(Sogndal - Fyllingsdalen FK 2-1): Slike smertefulle scener vonar Sogndal-trenar Jonas Olsson det blir få av, no berre to veker før seriestarten mot Tromsø.

Rune Bolseth

SOLID SMELL: Det såg heldigvis verre ut enn det var for Rune Bolseth i Sognahallen laurdag ettermiddag.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Men Rune "Bolli" Bolseth var slett ikkje den einaste som gjekk overende på kunstgraset i storhallen på Fosshaugane Campus i dag.

I treningskampen mot Fyllingsdalen måtte fleire av spelarane ta teljing i heller ublide møte med matta. Heldigvis utan at det førte til langtidsskadar verken for Bolseth eller andre i dag.

– Ingen bråhast

– I og med at vi har så mange spelarar som er ute no med småskadar, så er vi jo litt usikre. Tony (Brochman) spelar i dag tross litt smerter. Så vi ser etter spelarar, men vi har ingen bråhast, seier Jonas Olsson til NRK.

Denne veka forsvann Badji til Brann, og dermed vert mykje ansvaret lagt på skuldrane til dei attverande spelarane.

– No forsvann jo ein spelar, men vi skal jobbe med det vi har og vi bytta mange spelarar i dag for det har vore ein belastande periode med treningsleir og to tette kampar, påpeikar Olsson.

Azar Karadas

JUBLA: Samarbeidet mellom Azar Karadas og Gustav Valsvik fungerte godt.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Testa fleire formasjonar

Det var sørgeleg dårleg 1. omgang i Sognahallen laurdag ettermiddag og gjestene frå 2. divisjons-klubben Fyllingsdalen gjekk til pause med leiing 1-0. Men etter kvilen verka det som om Sogndal forstod alvoret.

– No testa vi mykje i denne kampen, ikkje minst sentralt og vi byttar ulike posisjonar. Det er nok ein årsak til at det blir litt rotete. Men det var veldig gledeleg å sjå dei tre siste som kjem inn og tar tak i kampen og sørger for siger 2-1, seier Olsson.

Tendensar til toppform

Dei tre er ikkje minst Stian Dyngeland, Eivind Daniel Røed og Azar Karadas. Sistnemnde gjekk inn i kampen og tok verkeleg ansvar laurdag.

– Det var godt å få unna desse 45 minutta. Eg synes no at ein begynner å sjå tendensane i laget til toppform. Vi har tydeleg framleis ein del ting å jobbe med og eit par ting vi må justere. Det er heldigvis nokre dagar att før serien startar, seier Karadas til NRK.

– Bra grunntrent

– Korleis er din eigen form no eit par veker før seriestarten?

– Kroppen er bra grunntrent, men eg må inn og få attende fotballkjensle på høgt nivå. Det får eg no i treningskvardagen, og det blir veldig viktig for meg.

Sogndal vann treningskampen mot Fyllingsdalen 2-1, etter at Malick Mane utlikna etter 64 minutt, og Gustav Valsvik sørga for sluttresultatet rett før full tid.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.