Hopp til innhold

Sogndal pangopna og såg seg aldri tilbake

FOSSHAUGANE (NRK): Allereie etter tre minutt sette Sogndal ballen i mål. Målskåraren jublar for tre poeng i dag.

Sigurd Haugen jublar etter kampslutt

GLAD: Kampen var så vidt starta då Sigurd Haugen sette ballen i mål.

Foto: Sondre Dalaker / NRK (Arkivfoto)

– Vi fekk belønning for eit bra press. Det er ikkje det beste skotet mitt, men ballen gjekk i mål. Det er så ufatteleg herleg, seier Sigurd Haugen.

Målet til Haugen blei det einaste i kampen mot Viking og sluttresultatet blei altså 1–0. Dette er Sogndal sin fjerde strake siger.

– Stemninga i laget er god no, etter at det var tungt ein periode då vi tapte mot to motstandarar som burde vore enkle. Målet vårt er å rykke opp, så får vi sjå om vi klarer det.

Tok samling i botn

Sogndaltrenar Eirik Bakke seier at laget måtte ta eit oppgjer med seg sjølv etter tapa mot Ullensaker/Kisa og Åsane i mai.

– Vi tok ei samling i botn etter kampen mot Åsane. Vi fekk ein felles veg om korleis vi skulle komme oss opp att. No har sjølvtilliten kome tilbake, seier Bakke.

Å vinne i dag og sikre tre viktige poeng, gler trenaren stort.

–Det var ein fortent siger, og det var ein viktig kamp å vinne. Vi klarte å halde nullen for første gong på heimebane i år. Det var ein enorm innsats av alle, både dei som starta og dei som kom innpå.

Per Magnus Steiring måtte byttast ut mot Viking

BLEI BYTTA UT: Per Magnus Steiring måtte bytast ut mot Viking. Det er førebels uvisst om han blei skadd eller fekk krampe.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

To ut med skade

I løpet av kampen måtte to Sogndal-spelarar ut med skade. Per-Magnus Steiring måtte ut i det 64. minuttet av kampen.

– Eg er usikker på om det var krampe eller noko anna, seier Bakke.

Også Kjetil Wæhler måtte av bana etter eit samanstøyt med ein Viking-spelar i første omgang.

– Eg kjenner meg litt tung i hovudet etter den smellen. Eg tykkjer det er hårreisande at dommaren ikkje fekk med seg denne situasjonen.

– Blir du lenge ute no?

– Det blir nok nokre rolege dagar, men satsar på litt trening utover i veka. Eg har hatt nokre smellar tidlegare, men reknar med dette skal gå greitt, seier han.

Etter dagens kamp ligg Sogndal på 2. plass på tabellen med 22 poeng. Eitt poeng bak Aalesund og tre framfor Viking på 3. plass og Mjøndalen på 4. plass. Men medan Sogndal har spelt 12 kampar så langt i sesongen, står dei tre andre laga med 11 kampar.

Neste søndag skal Sogndal spele bortekamp mot HamKam.

Kjetil Wæhler (t.v.) blir bytta ut etter ein smell i hovudet

SKADD: Kjetil Wæhler (t.v.) blir bytta ut etter ein smell i hovudet

Foto: Sondre Dalaker / NRK
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..