Sogndal-oppkøyringa klar

Sogndal har klart å lokke europeisk motstand til bygda til oppkøyringa føre 2019-sesongen. Flora Tallinn kjem til Sogndal den 24. februar. Elles skal Sogndal på treningsopphald til Spania to gonger denne vinteren, i februar og mars. Her er det fullstendige treningskampoppsettet: Sogndal - Florø i Sognahallen (26. januar), Sogndal - Hødd i Sognahallen (1. februar), Sogndal - Sotra i Sognahallen (3. februar), CSKA Moskva - Sogndal på La Manga (7. februar), Sogndal - Flora Tallinn i Sognahallen (24. februar), AaFK - Sogndal på Color Line Stadion (1. mars), Åsane - Sogndal på Myrdal Kunstgress (5. mars), Sogndal - Strømmen i Marbella (10. mars), Sogndal - Kristiansund i Marbella (14. mars), Brann - Sogndal på Brann Stadion (24. mars).