NRK Meny
Normal

Sogndal møter Vålerenga i cupen

I dag vart det klart at Sogndal må jobbe på sin veg til Ullevål etter at den fjerde runda i cupen vart trekt.

Sogndal mot Vålerenga

TØFT: Det blir utfordrande for Sogndal i fjerde runde i cupen etter at dei trekte Vålerenga som sin motstandar. Her frå ein tidlegare kamp mot Oslolaget.

Foto: Oddleif Løset/NRK

For Sogndal møter Vålerenga i den fjerde runden, og kampen skal spelast i Oslo.

Dei tapte mot Oslolaget sist gong dei kjempa mot kvarandre.

Dei andre laga har også fått sine kampar utdelt i dag og lista ser slik ut:

  • Start - Stabæk
  • Lillestrøm - Bryne
  • Molde - Ranheim
  • Mjøndalen - HamKam
  • Bodø/Glimt - Odd Grenland
  • Rosenborg - Tromsø
  • Vålerenga - Sogndal
  • Haugesund - Alta

Kampane vert spelte 19 og 20 juni.