Hopp til innhold

Sandnes Ulf må kjempe hardt mot opprykksklare Sogndal

Sandnes Ulf må kjempe hardt for å greie å klore seg fast i førstedivisjon. I kveld må dei kjempe mot Sogndal.

Sogndal

Sogndal vart onsdag kveld klare for Tippeligaen. I dag kjempar Sandens Ulf om å halde seg i førstedivisjon.

Foto: Tor Yttri

Medan Sogndal er klare for opprykk til den høgaste divisjonen i landet, får Sandnes Ulf ei tøff oppgåve med å halde seg i førstedivisjon.

I kveld møtast topplaget og eit av botnlaget til kamp på Fosshaugane.

Ulf får ei vanskeleg oppgåve

Sogndal har heile 55 poeng, og har ti poeng forsprang på Fredrikstad som ligg på andreplass på tabellen. Dei kan dermed senke skuldrane i kveldens kamp mot rogalendingane, for Tippeligaen har blitt ein realitet.

Men det er ingenting som tyder på at Sandnes Ulf skal å ei enkel oppgåve på Fosshaugane Campus. Dei ligg så vidt over nedrykksstreken med 28 poeng og har gått på tre strake tap dei siste kampane.

Dersom bortelaget tapar mot Sogndal, kan nedrykk bli ein realitet no når sesongen går mot slutten.

Ingen heimetap sidan tredje runde

Sandnes er dei einaste blant dei ti største byane i landet som aldri har hatt ein klubb i den gjevaste divisjonen etter krigen.

Sist gang dei to lagene spelte mot kvarandre vart stillinga 1-1. Men denne gangen spelar Sogndal på heimebane, og ifølgje statistikken har dei ikkje tapt på heimebane sidan tredje serierunde i år - og i dag blir den 27. runden spelt.

Video Full fest i Sogndal etter opprykk til eliteserien

Full fest i Sogndal etter opprykk til eliteserien.