Hopp til innhold

Sogndal møter eliteserielag

Sogndal må til Molde i tredje runde av NM-cupen i fotball.

Cupkamp mellom Førde og Sogndal.

Henrik Furebotn og Sogndal må til rosenes by i tredje runde av NM-cupen i fotball.

Foto: Oddleif Løset

Sogndal tok seg vidare i cupen etter 3-2 over Førde på onsdag. 9. juni ventar fjorårets cupfinalist og tabelltoar i Eliteserien, Molde, i tredje runde. Sportssjef Trond Fylling vedgår det ikkje blir noko walkover.

- Nei, det blir det ikkje. No har dei ikkje vore vore like bra i starten i år, men dette blir veldig tøft, seier han.

- Greitt å måle krefter

Molde er ingen ukjend motstandar for Sogndal. Sidan 1982 har dei møttes 14 gonger i serie- og treningskamp. I rosenes by har Sogndal førebels til gode å vinne.

Sjølv om det blir ein vanskeleg kamp, vil ikkje Fylling avvise at Sogndal er med når fjerde runde av cupen skal trekkast.

- Nei, nei. Kampen skal spelast og vi gler oss veldig. Vi har snakka om det også og håpa på tippeligamotstand. Det er greitt tidleg i sesongen å få målt krefter med antatt gode lag. Dette blir veldig kjekt for spelarane og heile gjengen, seier han.

Tapte i 1989

Sist dei to laga kjempa om cupavansement mot kvarandre, var ifølgje Sogndal Fotball sine nettsider i 1989. Då enda det 5-4 i favør av Molde. Sogndal sine scoringar vart sett inn av Lars Arne Nilsen, Steinar Hopen, Knut Christiansen og Asle Hillestad.

Årets cupoppgjeret avrundar vårsesongen.

- Det meste kjedelege med at vi må opp der og spele mot Molde, er at det er ferie etterpå, så vi får ei lang reise heim att etter kampen, ler Fylling.

Tredje strake borte

Oppsettet byr også på tredje bortekamp i årets cup. I Årdal vart det greitt 4-0, før laget måtte slite noko meir for avansementet mot 2. divisjonslaget Førde.

Eliteserielag på heimebane kunne gjeve klingande mynt i kassen, men det er også det einaste sikre med heimekamp mot motstandarar frå divisjonen over.

- Ja, det har vi hatt før også utan at det har gått noko betre. No blei det Molde. Uansett, skal ein komme langt i cupen så må ein vinne det som er. Det er utfordringa, seier Fylling.

Tre borte i serien

- Eg er meir oppteken av at vi får ein drøss med bortekampar i serien rett etter ferien. Det er eit veldig tett og tøft program vi startar opp med etter ferien, legg Fylling til og siktar til dei tre bortekampane mot Moss, Bryne og Fredrikstad på ti dagar når haustsesongen blir sparka i gang.

Kampen mot Fredrikstad vart flytta på grunn av U21-landslaget sine kampar mot Ungarn og Finland. I tillegg til sogndals Even Hovland, har også Fredrikstad spelarar på U21-landslaget.

P.S. Einar Furstad og Tore Rylandsholm frå Bremanger får nytt høve til å ta skalpen til eit eliteserielag når Fyllingen møter Viking. Cupoppgjeret blir ein kamp med fire fjordingar involvert. På stavangerlaget finn ein både Alexander Ødegaard og Børre Steenslid. Fyllingen vann som kjent 1-0 over Brann i andre runde av cupen .

Tidlegare møte mellom Sogndal og Molde

Sesong

Kamp

Heime

Borte

Resultat

2009

Treningskamp

Molde

Sogndal

0-0

2008

Treningskamp

Molde

Sogndal

4-1

2007

1. divisjon

Molde

Sogngdal

2-1

2007

1. divisjon

Sogndal

Molde

2-3

2004

Tippeligaen

Sogndal

Molde

2-1

2004

Tippeligaen

Molde

Sogndal

1-1

2003

Tippeligaen

Sogndal

Molde

2-3

2003

Tippeligaen

Molde

Sogndal

3-1

2002

Tippeligaen

Molde

Sogndal

3-3

2002

Tippeligaen

Sogndal

Molde

2-1

2001

Tippeligaen

Sogndal

Molde

3-4

2001

Tippeligaen

Molde

Sogndal

3-2

1998

Tippeligaen

Sogndal

Molde

1-4

1998

Tippeligaen

Molde

Sogndal

3-2

1997

Tippeligaen

Sogndal

Molde

3-3

1997

Tippeligaen

Molde

Sogndal

2-0

1992

Tippeligaen

Molde

Sogndal

3-0

1992

Tippeligaen

Sogndal

Molde

0-1

1991

Tippeligaen

Molde

Sogndal

2-0

1991

Tippeligaen

Sogndal

Molde

0-0

1989

1. divisjon

Molde

Sogndal

4-2

1989

1. divisjon

Sogndal

Molde

1-2

1988

1. divisjon

Sogndal

Molde

1-1

1988

1. divisjon

Molde

Sogndal

1-1

1982

1. divisjon

Molde

Sogndal

0-0

1982

1. divisjon

Sogndal

Molde

1-1

Ekspander/minimer faktaboks