Kjetil Rekdal får gjensyn med det han kalla "
" i fjor haust.Les og:
Norges Fotballforbund har nemlig trekt Sogndal mot fjorårets kvalifiseringsmotstandar Aalesund. Fredag ettermiddag vart det klart at sogningane får heimekamp.
Viktig med heimekamp
Både Sogndal og Ålesund har spelt to bortekampar så langt i cupen, men sidan Sogndal har hatt lengre reiser til sine kampar vart det heimekamp.
- Vi har hatt to tøffe bortekampar no, og skal ha tre seriekampar på ei veke. Då er det best for oss å få heimekamp, seier Sogndal-trenar Karl Oskar Emberland.
Litt tidleg
Sogndal-trenaren ville helst venta med Tippeligamotstand.
- Vi ynskjer å komme lengst mogleg. Det er ikkje tvil om at vi i utgangspunktet ville hatt større sjanse mot eit Adeccolag. Samstundes visste vi at risikoen var der for å møte eit elitedivisjonslag. Då var det viktig å få eit lag vi mest truleg ville få heime, seier Emberland.
- Kan prestere godt
Dei to laga møttest sist i kalifiseringsspelet til eliteserien i fjor haust. Det gjekk ikkje bra for Sogndal sin del med tap 1-4 på heimebane og 3-1 i Ålesund.
- Resultatmessig var det stygge tal, men prestasjonsmessig var det bra i periodar. Det er ei stund sidan og fotballkampane lever sitt eige liv, og cupen lever sitt eige liv. Så eg har god von om å prestere godt mot Aalesund, seier Emberland.
Rekdal jubla
I Ålesund var det derimot jubel hos Rekdal då serieleiaren i 1. divisjon vart trekt opp som motstandar i fjerde runde av cupen.
- Sogndal var eitt av dei betre alternativa for oss, men det blir ingen lett kamp for det. Eg reknar med ein tøff kamp mot Sogndal, sier han til
.Gruar seg ikkje
Mannen som i fjor haust kalla sogndalsupportarane for "eit bedritent publikum" gruar han seg ikkje til å møte dei att.
- Det får bli som det blir. Dei har oppført seg dårleg dei gangene eg har vore der før. No får dei ein sjanse til å vise seg frå ei betre side, seier han.