NRK Meny
Normal

Sogndal jaktar historisk siger i oljebyen

Sogndal har aldri slått Viking på bortebane. I dag kan det vere gode moglegheiter for det, meiner NRKs fotballekspert, Tom Nordlie.

Gilbert Koomson

HAT-TRICK: Gilbert Koomson noterte seg for tre scoringar då Sogndal knuste Viking på heimebane i mai. I kveld er det duka for returoppgjer i Stavanger, der Sogndal aldri har slått Viking.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Trenar Eirik Bakke & co. møter eit Viking-lag tilsynelatande blotta for tillit. Siddisane er tabelljumbo med berre ni poeng.

Eit tidleg mål vil gi Sogndal eit mentalt overtak, meiner NRK sin fotballekspert, tidlegare Viking-trenar Tom Nordlie.

– Eg skal ikkje legge planen for Eirik Bakke, men eg ville satsa maksimalt på eit tidleg mål. Det gir ikkje Viking betre sjølvtillit, seier Nordlie.

Laster innhold, vennligst vent..

– Open kamp

Tom Nordlie

EKSPERT: Tom Nordlie meiner Sogndal bør gå offensivt til verks for å få eit tidleg mål mot Viking. – Når ein har tapt så mykje poeng på overtid som Viking har gjort, så blir ikkje sjølvtilliten betra av eit tidleg mål imot, seier han.

Foto: NRK

For britiske Ian Burchnall har ikkje fått skikkeleg dreis på laget frå oljebyen. Med åtte poeng til trygg grunn har disiplane hans ein «mountain to climb» for å unngå nedrykk.

Med sju av ni poeng på heimebane, er Viking det nest dårlegaste heimelaget. Likevel, dei har like mange poeng som Sogndal har på bortebane.

– Det blir ein open kamp. Sogndal har variert mykje, men har vore stabilt gode med Kjetil Wæhler i midtforsvaret. Samstundes har Viking ein god første 11'ar som fort kan vinne fleire kampar om dei berre får ein siger, meiner Nordlie.

Skremde AaFK-spøkelset

Sist helg skremde ei frisparkperle frå Chidiebere Nwakali Aafk-spøkelset vekk frå Fosshaugane. I kveld kan dei bryte ein langt verre statistikk. Sogndal har aldri vunne mot dei mørkeblå i Stavanger.

På 17 møte er fire uavgjort dei beste resultata. Tidlegare i år vann Sogndal 4–0 i tilsvarande oppgjer på Fosshaugane.

– Viking har vore spelemessig på høgde, men har i det siste tapt mykje poeng i sluttminutta og på overtid. Det gjer noko med sjølvtilliten. Samstundes er dette ein kamp dei må vinne, og det kan slå begge vegar, seier Nordlie.

Kan slå kven som helst

– Men Sogndal har vist at dei kan slå kven som helst, legg han til.

I Stavanger ventar nok både supporterar og sponsorar at det losnar mot Sogndal. For dei har langt høgare ambisjonar enn å kjempe mot nedrykk. Det kan tale i fordel Sogndal.

– Sogndal er vande med å ligge der og er vande med å takle det. Viking må vinne. Det er store forventingar både hos supporterar og næringsliv, seier Nordlie.

NB! Dagens eliteserierunde kan du også følgje på 4-4-2 Radiosporten frå klokka 18:

HØYR: Radiosporten følgjer eliteseriens 16. serierunde frå klokka 18.

Laster innhold, vennligst vent..
Vegopning på Bergum i Førde kommune