Hopp til innhold

Sogndal meldte seg på botnstriden

Sogndal bur seg på botnstrid etter søndagens tap på Fosshaugane. – Vi får vel som fortent, seier Sogndal-kapteinen.

Glimt møter Sogndal

KJEMPAR I BOTN: Med tap mot Bodø/Glimt vart plasseringa til Sogndal på tabellen ein heilt annan enn det kunne blitt med siger.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Sogndal blanda seg for alvor inn i botnstriden då dei tapte 0–1 på heimebane mot Bodø/Glimt i går.

Kampen kunne sendt Sogndal eit langt steg mot midten av tabellen, men i staden ligg dei no like over plassen som gir kvalifiseringsspel til 1. divisjon.

– Mykje stod på spel

Ulrik Flo bur seg på botnstrid framover. Han innrømmer glatt at Sogndal har hamna i trøbbel etter tapet mot Bodø/Glimt.

– Det kan sjå slik ut, men det er framleis elleve kampar igjen, så det er framleis tid til å snu det, seier han.

Men Flo legg ikkje skjul på at dette var ein kamp dei burde ha vunne.

– Ja, det var mykje som stod på spel i dag. Vi hadde moglegheit til å klatre frå botnstriden eller vere involverte for fullt, og det vart vel sistnemnde. Det er ikkje optimalt eller ønskjeleg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sogndal - Bodø/Glimt

TAPTE: Sogndal måtte sjå Bodø/Glimt reise frå Fosshaugane med tre poeng. Frå venstre: Tom Gunnar Söderberg, Abdurahim Laajab og Dominic Chatto.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

– Vi får som fortent

Kaptein Rune Bolseth meiner dei berre har seg sjølv å takke for at den viktige kampen mot enda med tap.

Eit unøyaktig Sogndal-lag mista meir og meir kontroll utover i kampen.

– Vi får vel som fortent. Vi blir eigentleg berre dårlegare og dårlegare utover i kampen, og Bodø/Glimt hadde flest og størst sjansar. Det er vel ingenting å seie på at dei til slutt fekk vinnarmålet, seier Bolseth.

Sjølv om han meiner det er for tidleg å snakke om nedrykksstrid, vedgår han at Sogndal har ein jobb å gjere framover.

– Det er elleve kampar igjen, men prestasjonen i dag tilseier at det blir lite med poeng framover, så vi må rett og slett prestere betre.

Olsson fekk kritikk

Jonas Olsson

KRITISERT: Jonas Olsson fekk kritikk for å ha venta lenge med spelarbyter.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Etter det sure tapet måtte Sogndal-trenar Jonas Olsson tole kritikk for at han venta lenge med å gjere spelarbyter.

Spesielt at publikumsfavoritten Tonny Brochmann måtte vente til eitt minutt før slutt før han kom inn, falt mange tungt for brystet – noko publikum på Fosshaugane gav høglydt uttrykk for.

– Det med byta er det lett å skrike og gape over, men vi har ganske mange spelarar med småproblem, og det er dumt å byte tredje bytet for tidleg og risikere å måtte spele med ein mann mindre dei siste ti-tolv minutta. Det har ein definitivt ikkje råd til.