Hopp til innhold

Sogndal med full kontroll mot Hødd

Sogndal-spelarane var tydeleg tunge i kroppen av store treningsmengder. Likevel tok dei ein enkel og kontrollert 2-0-siger over Hødd fredag kveld.

Tore Andre Flo i aksjon mot Hødd i Sognahallen

Tore André Flo skåra sitt andre mål på to treningskampar.

Foto: Rune Sjøberg

Treningskampen i Sognahallen var berre minuttar gamal då Ulrik Flo klinka ein god avslutning rett i fleisen på Hødd-keeper Ørjan Nyland. Keeperen tok teljing men greidde likevel å halde Sogndal nokre minuttar til.

Men etter 14 minuttar steig Tore Andre Flo til vêrs og omsette Taijo Teniste sitt innkast i mål. Sogndal styrte så godt som alt etter dette, men mangla tempoet for å skape store målsjansar.

2–0 kom heilt på slutten av førsteomgang etter at Tonny Brochmann snappa opp frå eit ukonsentrert Hødd-forsvar, kom seg rundt keeper og skåra enkelt.

– Vi lagar to mål og held nullen, så eg er nøgd, seier Sogndal-trenar Jonas Olsson.

– Vi mangla vel litt tempo, men det er ikkje så rart. Vi trenar ganske mykje no. Men deler av spelet sit betre no og første omgang er bra for vår del. Seinare vart det alt for sakte og ineffektivt, men det må vi jobbe med, legg Olsson til.

Sogndal heldt fram med å ha full kontroll i andreomgang, men skapte få målsjansar. Etter kvart vart det gjort ei lang rekke spelarbyte som stykka opp kampen, og det heile ebba ut med 2–0.