NRK Meny
Normal

Sogndal flyttar til Årdal for å trene siste veka før seriestart

For å få trene på full bane fram mot sesongstart legg Sogndal Fotball alle fotballtreningane til Årdal denne veka.

Sogndal trenar i Årdal

ÅRDAL: Sogndal har flytta alle treningane den siste veka før seriestart til kunstgrasbana i Årdal.

Foto: Torgeir Gaundal

- Dette må bli suksess! Vi reiser inn der og får nokre dagar med god Årdalsluft- det må berre bli bra, seier den einaste årdølen på laget, Henrik Furebotn lattermild.

Snø og frost på banene

Snøvêr og vanskelege forhold gjer at Årdal vert det einaste alternativet Sogndal har for å trene på full bane før eliteserien brakar laust på søndag.

For treningsbanene på Hafslo og Kvåle ligg under snøen. Fosshaugane er endå ikkje klar, og kunstgrasbana på Kaupanger er frosen.

I Sognehallen er berre halve bana tilgjengeleg, og alternativa klubben stod att med var Furebotn si heimebane i Årdal, eller trenar Harald Aabrekk si heimebane på Nordfjordeid.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tom-Idar Teigen

SNØ: Banemann Tom-Idar Teigen i djup snø på Fosshaugane i slutten av februar. Endå er ikkje bana klar til bruk.

Foto: Arve Uglum / NRK

- Eit godt alternativ

Furebotn gler seg til å flytte heim fram til alvoret startar. Men det er ikkje mor si matlaging som lokkar til heimbygda denne gongen.

- Vi reiser dit for å få trene på mest mogleg lik bane som det vi skal spele mot Strømsgodset på, forklarar Furebotn.

- Strømsgodset har kanskje det beste kunstgraset i Norge på Marienlyst stadion. Du kjenner bana i Årdal godt, er det same kvalitet?

- Det er ikkje så langt i frå. Det er kanskje litt meir gummi på Marienlyst, men det er stort sett det same, seier Furebotn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sogndal trener i Årdal

FULL BANE: I Årdal får Sogndal spele på full bane. Det er viktig framfor seriestart.

Foto: Torgeir Gaundal

- Viktig å få trene på full bane

Også trenar Harald Aabrekk er glad dei har fått låne bana i Årdal.

- Det er vanskeleg å førebu seg på seriestart med å trene på halv bane i Sognehallen. Difor er vei kjempeglade for at vi har fått låne bana i Årdal, seier Aabrekk til NRK.

Furebotn seier trening på full bane er avgjerande.

- Ballen får ein anna sprett ute enn inne, og det tek nokre dagar å venne seg til det. Det er greitt vi får gjort det før kampen startar på søndag.

Sogndal sin første kamp i eliteserien går søndag klokka 18. mot Strømsgodset på bortebane.

Årdal kunstgrasbane

SNØFRI: Midt mellom fjella i Øvre Årdal ligg kunstgrasbana fri for snø. Her trenar Sogndal siste veka før seriestart.

Foto: Torgeir Gaundal

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.