NRK Meny
Normal

Sogndal må spele utan Håvard Flo

Sogndal må klare seg utan sin rutinerte joker Håvard Flo i kveldens toppkamp mot Bryne på Fosshaugane. Veteranen trur likevel på siger.

Håvard Flo

UTE: Håvard Flo kler seg i sivilt i toppoppgjeret mot Bryne. Arkivfoto

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

SJÅ KAMPEN DIREKTE I NETT-TV

– Eg er skadd og kan ikkje spele kampen. Det er ikkje noko stor sak, men det er ein muskel som er litt sår, sa Hårvard Flo til NRK ein halvtime før kampstart på Fosshaugane Campus.

– Slår Bryne 3-1

Han seier troppen er spent før kampen mot Bryne.

– Vi er sjølvsagt veldig spente sidan vi har vore nede i ein bølgjedal. Det påverkar oss, men eg har ei god kjensle på at vi skal få med oss tre poeng i dag, seier Flo.

Han er klar på at Sogndal både bør og må vinne kveldens kamp.

Det er klart at det på mange måtar er viktig å vinne. Det er ingenting som er betre medisin for sjølvkjensla enn ein trepoengar. Vi bør begynne å hente poeng att, skal vi hengje med i toppen. Ein skal ikkje stikke under ein stol at vi har gitt frå oss seks poeng i dei to siste kampane. Men vi slår Bryne 3-1, smiler Flo.

Endringar sidan Tromsdalen-tapet

Når trenar Harald Aabrekk offentleggjorde troppen mot Bryne klokka 15 onsdag, var Flo heller ikkje blant namna som startar på benken.

Men Aabrekk gjer fleire endringar etter at laget gjekk på sitt tredje strake tap i bortekampen mot Tromsdalen søndag. Dei meir rutinerte Henrik Furubotn og Ulrik Flo er begge tilbake i startellevaren og erstattar unggutane Gustav Valsvik og Ørjan Hopen.

Sentral i comebacket

Ein skadd Håvard Flo er likevel dårleg nytt for Sogndal som i helga måtte gi frå seg tabelltoppen til Fredrikstad. 40-åringen har vist seg avgjerande i fleire kampar etter at han i har gjort comeback for Sogndal framfor årets sesong.

Dei fleste kampane har Flo starta på benken, men veteranen har ifølgje sogndalfotball.no spelt 13 førstelagskampar og scora to mål så langt i år.

Den tidlegare Tyskland-, Danmark- og Englands-proffen la først opp etter 2008-sesongen og gjekk over i ei administrativ stilling i klubben. Dersom Sogndal klarer å stå løpet ut, kan han gjere comeback i eliteserien som 41-åring.

– Håvard bidreg enormt i spelargruppa med si breie erfaring og veremåte, uttalte assistenttrenar Terje Skjeldestad til NRK tidlegare i år.

Bryne etter Helle

Bryne har tysdag ettermiddag ikkje offentleggjort sitt lag mot Sogndal, men også jærklubben må klare seg utan ein typisk vinnartype. Angriparen Marius Helle som forsvann over til Stabæk då overgansvindauget opna i august har tilført klubben pengar, men tapet av Helle svekkjer Bryne.

Helle scora sist helg i sin første kamp for Bærums-klubben då laget slo Hønefoss på bortebane.

Sogndal sin tropp mot Bryne:

Piotr Leciejewski, Per Egil Flo, Lars Grorud, Even Hovland, Mats Solheim, Ole Jørgen Halvorsen, Elvis, Henrik Furebotn, Barry Kader, Espen Olsen, Ulrik Flo

Benken:
Joe Bendik, Gustav Valsvik, Vegar Gjermundstad, Ørjan Hopen, Eivind Daniel Røed, Tommy Øren, Joakim Rudolfsen