Hopp til innhold

Sogndal må sjå langt etter lønsauke

Sjølv om Sogndal skulle klare å rykkje opp, blir det ikkje meir i løningsposen til spelarane.

Jublar for scoring

IKKJE MEIR I POSEN: Sogndal styrer mot neste års eliteserie, men kan ikkje vente meir i løn. Her jublar spelarane for mål mot Mjøndalen. Frå venstre: Even Hovland (f.v.), Henrik Furebotn, Barry Kader (ryggen til), Per Egil Flo, Ahyee Aye Elvis, Gustav Valsvik (delvis skjult) og Espen Olsen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Med 3-0 over Mjøndalen tok Sogndal søndag eit langt steg i retning mot neste års eliteserie.

Men: Uansett divisjon i 2011 - det blir ikkje særleg mykje meir pengar til spelarane.

- Det blir ikkje vesentlege endringar i totaløkonomien på spelarsida, stadfestar dagleg leiar Egil Mundal.

Kan ikkje bruke like mykje som andre

Sogndal må dermed klare seg med dei om lag ni millionane dei brukar på å løne dei 24 spelarane i stallen også neste år.

Klubben reduserte lønsbudsjettet kraftig før denne sesongen, og sjølv om spel i eliteserien vil gje auka inntekter på opptil fem millionar kroner, blir desse først og fremst i lagde i sparegrisen.

Økonomien er nemleg så dårleg, at Sogndal er på fotballforbundet si raudt lys-liste.

- Er du på denne lista, har du økonomiske utfordringar. Det jobbar vi med no, og det må vi halde fram med. Sogndal har dessutan aldri brukt like mykje ressursar som dei vi konkurrerer mot, seier Mundal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Takkar publikum etter ny siger

TAKKA PUBLIKUM: Henrik Furebotn (f.v.), Ole Jørgen Halvorsen og Per Egil Flo.

Foto: Rune Fossum / NRK

Målet er å byggje eigenkapital

Sogndal har hatt eit solid overforbruk dei siste åra, i tillegg til at bygginga av Fosshaugane Campus har svekka eigenkapitalen så mykje at dei har komme på raudt lys-lista.

Det betyr at Harald Aabrekk kan håpe på maks ein halv million ekstra, dersom han skal styrkje stallen til kamp mot dei aller beste i Norge.

- Vi har kanskje den kjedelegaste målsetjinga ein fotballklubb kan ha; å byggje eigenkapital. Det betyr at vi må levere plussresultat for å fylle opp nokre av dei reservane vi har brukt opp i løpet av tre veldig tøffe år no, seier Mundal.