NRK Meny
Normal

Sogndal må spele utan kvartett - men Holsæter debuterer frå start

Verken Ole Jørgen Halvorsen, Per Egil Flo, Taijo Teniste eller Cato Hansen medverkar i dagens eliteseriekamp mot Rosenborg. Ruben Holsæter er derimot i startoppstillinga.

Per Egil Flo og Ole Jørgen Halvorsen
Foto: Fotomontasje

Halvorsen, Flo og Teniste fekk seg kvar sin trøkk i førre kamp, medan Hansen framleis er ute med strekkskade.

Sistnemnde er truleg ikkje attende på bana i inneverande sesong, medan det er uvisst kor lenge Flo blir ute med skade.

Samstundes er det klart at Ruben Holsæter startar sin første kamp for Sogndal etter overgangen frå Førde i sommar. Sjå lagoppstillinga nedst i saka.

FØLG: Rosenborg - Sogndal direkte live klokka 18:00

– Flo fekk ein hovudskade mot Viking og då symptoma kom att i lett trening tysdag er det ikkje aktuelt å nytte han. Halvorsen fekk ein overtramp og eit spark mot Viking. Vi håpar han er klar til Brann-kampen. Teniste har ein strekk på baksida av låret og er ikkje klar før ut i oktober, seier Kim Are Jacobsen, naprapat og medisinsk koordinator i Sogndal Fotball.

Vil sakne Halvorsen

Kantspelar Halvorsen var mannen som sytte for poengdeling då Rosenborg vitja Fosshaugane i vår.

Assistenttrenar Håvard Flo vedgår det blir eit sakn å ikkje sjå den fotrappe skarpingen på Lerkendal. Sjølv om han kunne medverka i dagens kamp, meiner Flo det er betre med ein Halvorsen i fullt slag, enn med ein Halvorsen for halv maskin.

– Han er ein god fotballspelar og eit sterkt uromoment i den posisjonen. Det vil definitivt vere eit sakn, men så har vi andre spelarar som må vise at dei ynskjer å vere med på dette. Det treng ikkje vere noko negativt, seier Flo.

(Artikkelen held fram under biletet)

Cato Hansen vert stoppa av RBK-forsvaret

UTE: Cato Hansen er truleg ute resten av sesongen med ein strekkskade.

Foto: Rune Fossum / NRK

Trur på poeng

Sogndal møter eit Rosenborg i gryande haustform etter seks strake seriekampar utan tap. På dei tre siste kampane er målskilnaden 17-1.

Dei siste gjestene på Lerkendal, Odd og Start, returnerte med null poeng og høvesvis sju og fire baklengsmål.

– Går du inn i dette og trur det kan bli stygt, så er du allereie solid på defensiven. Vi går for å hente tre poeng, men må vere så pass ærlege at skulle vi stå med to uavgjort mot Rosenborg etter årets sesong, så er det akseptabelt, seier han.

Ikkje meir defensive

Sogndal har fått kritikk for å vere «ultradefensive» i årets sesong. Det ser uansett til å ha fungert ettersom laget er i ferd med å sikre seg ny kontrakt i eliteserien.

Flo seier Sogndal ikkje vil vere meir defensive enn tidlegare på Lerkendal, men seier dei må ha formkurva og prestasjonane til Rosenborg i bakhovudet.

– Det er ikkje mange som er i stand til å stå høgt og angripe eit Rosenborg på Lerkendal. Vi må vere tette i formasjonen og lagdelane, og gjere jobben kvar einaste gong i situasjonane som oppstår. Det er nok ein stor del av nøkkelen for å få med eit godt resultat, held Flo fram.

(Artikkelen held fram under biletet)

Håvard Flo

FEELING: Håvard Flo har ei god kjensle før oppgjeret mot Rosenborg i kveld.

Foto: Rune Fossum / NRK

Gjenskape LSK-kampen

– Rosenborg vil komme på oss, men eg har ei god kjensle, legg Flo til.

Medan Sogndal seie uovervunnen rekke på fire kampar fekk ein brå stogg i Stavanger sist, har spelarane friskt i minne oppgjeret på Åråsen der Sogndal noko overraskande vann 3-0.

– Då var vi solide i råma, og vi var kompakte. Vi fekk flotte overgangar og spelte på oss sjølvtillit. Då kom resten naturleg av seg sjølv. Det er fullt mogleg å gjenskape i kveld, seier han.

Slik spelar Sogndal: Kenneth Udjus, Mats Solheim, Isak Scheel, Even Hovland, Gustav Valsvik, Vegard Gjermundstad, Ahyee Aye Elvis, Henrik Furebotn, Tonny Brochmann, Ulrik Flo og Ruben Holsæter.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.