NRK Meny

Sogndal lufthamn kan få ny hangar

Fylkeskommunen kan løyve 3 millionar kroner til å byggje ein ny hangar på Sogndal lufthamn Haukåsen. Sogn regionråd har søkte om pengane til eit spleiselag der også kommune og næringslivet skal bidra. Totalt vil det koste om lag 10 millionar. Med ein ny hangar kan Widerøe parkere fly i Sogndal over natta, og dermed kunne fly fleire avgangar. Fylkestinget skal endeleg avgjere saka på tysdag. Både fylkesutvalet og hovudutvalet for samferdsel har støtta søknaden.

Sogndal lufthamn Haukåsen
Foto: Sogndal lufthamn