NRK Meny
Normal

Sogndal lett vidare i cupen

Sogndal kom godt i gang og vann 6-2 etter 3-0 ved pause mot Saga i Førde. Og sidan Førde tapte mot Fyllingen er begge Førde-laga ute av cupen.

Saga - Sogndal

FOR STORE: Ole Jørgen Halvorsen, Espen Olsen og resten av Sogndal vart som venta hakket for store for Saga.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ole Jørgen Halvorsen gav eliteserielaget 1-0 alt etter fem minutt, Espen Olsen la på til 2-0 etter 23 minutt, og fem minutt etter det vart det 3-0 etter sjølvmål.

Det var klasseskilnad på Sogndal og det nyopprykte 3. divisjonslaget Saga, og det kunne gjerne ha stått 5-0 ved pause.

To Saga-mål

Men i andre omgang kom Saga til hektene, og Odd Anders Vie reduserte til 3-1 etter fem minutt av omgangen. Like etter hadde Saga ein stor sjanse til å redusere endå ein gong, men så kvitterte Sogndal, og det var Ulrik Flo som kom på skåringslista, og stillinga var 4-1 til Sogndal. Etter 38 minutt av andre omgang la Cato Hansen på til 5-1 framfor 705 betalande tilskodarar på Førde stadion. Og to minutt før full tid vart Cato Hansen tomålsskårar då han la på til 6-1 på ei vakker heading. Men heimelaget pynta på resultatet to minutt på overtid, då Steffen Fjørstad sette ballen i mål, og slutresultatet vart 6-2 til Sogndal.

Førde ute av cupen

I Fyllingsdalen tok heimelaget Fyllingen leiinga over Førde. Målet kom tre minutt etter sidebyte. Thor Erik Nygård utlikna til 1-1 for Førde, men berre tre minutt etter skåra Fyllingen igjen og tok leiinga 2-1, og det vart sluttresultatet. Dermed vart det eit svært kort cupeventyr for Førde i 2011.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå